Eigedomsskatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eigedomsskatt er ein skatt som vert betalt på grunnlag av eit takstmessig verdeanslag på fast eigedom. Det er eigedomen som er gjenstand for beskatning, og den økonomiske situasjonen til grunneigaren ut over den antekne verdien til eigedomen har ikkje tyding for utmåling av skatten.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Føremålet med eigedomsskatt kan variera etter stad. Dei vanlegaste føremåla er auka inntekter til styresmaktene og utjamning av økonomisk ulikskap hjå innbyggarane i kommunen.

Auka offentlege inntekter[endre | endre wikiteksten]

Skattlegging av eigedom vil kunna gje den skattleggjande styresmakta (lokal, regional, eller statleg) eit stabilt auka inntektsgrunnlag. Inntekter som kan brukast anten til å nedbetala gjeld eller til å betre offentlege velferdsgode.

Utjamning av økonomisk ulikskap[endre | endre wikiteksten]

Fleire studium har vist at økonomisk ulikskap er eit aukande sosialt problem, noko som har negative effektar på ei rekkje område inkludert helse, kriminalitet, økonomisk vekst og sosialt fellesskap.

Sidan eigedomsskatten berre treff dei som eig éin eller fleire eigedomar vil den, med nokre unntak, berre gjelda dei rikaste segmenta av samfunnet, ikkje dei fattigaste. Nokre kommunar bygger òg opp ressursgrunnlaget sitt for å møte dårlegare tider.[1]

Fleire kommunar utnyttar òg berekningssystemet for eigedomsskatt, ved å sjølv taksera eigedomane høgt over reell marknadsverdi.[2][3]

Eigedomsskatt i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eigedomsskatten er i prinsippet ein av dei eldste skatteformene i Noreg. Ei form for eigedomsskatt vart innført i 1661 i samband med tildeling av matrikkelskuld for eigedomar «på landet». Til samanlikning vart arveavgifta innført i 1792 og skatt på inntekt frå 1882 – til kommunen, frå 1892 – til staten. Matrikkelskulda for dei enkelte eigedomane vart revidert fleire gonger, seinast ved «matrikkellova» av 1886. Matrikkelskulda skulle spegla eigedomane si avkastning, og var i realiteten ei form for inntektsskatt. Bykommunane hadde ikkje ein slik form for skattlegging.

Etter at inntektsskatten vart innført i 1882 og 1892, forsvann i praksis matrikkelskatten (og dermed eigedomsskatten).

I ny skattelov frå 1911 vart det høve til å krevja inn eigedomsskatt på alle utbygde bustadseigedomar som var i «bymessige strøk» i bykommunane, og på «verk og bruk» (i praksis forretningar og industriføretak). I landkommunane var det berre høve til å krevja inn eigedomsskatt på «verk og bruk». Ved tilleggslov av 1960 vart skiljet mellom by- og land utviska, slik at det òg i deler av landkommunar som var utbygd på «bymessig vis» kunne utskrivast eigedomsskatt. Grunngjevinga for denne forma for skattlegging var at ein rekna med at samfunnet i «bymessige strøk» hadde etablert tilleggstenester (fast vegdekke, gatelys, fellesfinansiert vass- og kloakksystem, fellesfinansiert kollektivtransport m.v.) som innbyggjarane i slike strøk burde vera med å dela kostnadane til.

Ved lovendring den 16. juni 2006 nr. 25, vart det gjeve høve til å krevja inn eigedomsskatt for alle eigedomar i kommunen, sjølv om eigedomane ikkje har fellesfinansiert kollektive tilbod, frå og med inntektsåret 2007.

Gjeldande regelverk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er eigedomsskatten ei kommunal skatteform. Det er kommunestyret som avgjer om kommunen skal ha eigedomsskatt. Det er òg opp til den enkelte kommune å avgjera utforminga av eigedomsskatten innanfor rama sett fast i eigedomsskattelova av 6. juni 1975.[4] Kommunane kan velja å innføra eigedomsskatt på fire ulike måtar:

  • Berre på «verk og bruk».
  • Berre i strok «utbygd på byvis».
  • I strok «utbygd på byvis» og på «verk og bruk».
  • I heile kommunen.

Skatteverde til eigedomane vert sett fast ved taksering, og vert sett lik eigedomen sin objektive omsetnadsverdi. Med objektiv omsetnadsverdi meinast den verdien ein kjøpar under normale omsetnadstilhøve er viljug til å betala for eigedomen. Det er gjeve særlege reglar om verdsetjing av kraftproduksjonsanlegg.

Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva for satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det kommande skatteåret. Eigedomsskatten skal vera minst 2 promille og ikkje meir enn 7 promille av taksten. Det første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn 2 promille. Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn 2 promille.

For bustader kan kommunestyret setja fast eit botnfrådrag i eigedomsskatten. Botnfrådraget trekkjast frå skattetaksten som eigedomsskatten bereknast ut frå. Eigedomar som er verd mindre enn botnfrådragsverde slepp dermed å betala eigedomsskatten. Føremålet med botnfrådraget er at skatten ikkje rammar bustader med låg verdi og dermed vert meir økonomisk utjamnande.

Storleik og omfang[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje tal frå SSB har både omfanget av og inntektene frå eigedomsskatt hatt ein jamn auke frå 2007. Andelen kommunar med eigedomsskatt har auka frå 63,1 % i 2007 til 85,3 % i 2016. Mengda kommunar med eigedomsskatt i heile kommunen har meir enn firedobla seg frå 55 i 2007 til 239 i 2016. Frå 2007 til 2015 hadde inntektene auka frå 5,6 milliardar til 11,1 milliardar kroner.[5]

I 2016 opererte 365 av 428 kommunar med eigedomsskatt, og 239 av kommunane med eigedomsskatt hadde det i heile kommunen. Dei samla kommunale inntektene på eigedomsskatt var i 2015 på 11,1 milliardar.

År Tal kommunar

med eigedomsskatt

Totalt tal

kommunar

Andel kommunar

med eiendomsskatt

Tal kommunar med

eigedomsskatt i heile kommunen

Samla inntekter på eigedomsskatt

(i milliardar kroner)

2007[6] 272 431 63,1% 55 5,6
2008[7] 293 430 68,1% 83 6,3
2009[8] 299 430 69,5% 112 6,5
2010[9] 309 430 71,8% 145 7,1
2011[10] 316 430 73,4% 163 7,6
2012[11] 324 429 75,5% 174 8,1
2013[12] 330 429 76,9% 177 8,9
2014[12] 341 428 79,7% 199 9,6
2015[13] 355 428 82,9% 221 11,1
2016[5] 365 428 85,3% 239 Tall finst ikkje før i 2017.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bakke, Trude (2. april 2018), «Kommunen går i pluss og har 300 millioner på bok – likevel krever de inn eiendomsskatt», NRK (på norsk bokmål), henta 15. mars 2024 
  2. Midbøe, Karl Wig, Oda Marie. «Magne (39) fikk eiendomsskatt på 18.000: Kommunen økte verdien på gårdshus med 380 prosent». E24 (på norsk bokmål). Henta 5. april 2017. 
  3. «Kommunen takserte Erik (65) og Alicias (63) bolig til 2,5 millioner mer enn megler». VG (på norsk). Henta 5. april 2017. 
  4. «Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) - Lovdata», lovdata.no, henta 15. mars 2024 
  5. 5,0 5,1 «Kraftig økning i eiendomsskatteinntekter». 20. juni 2016. 
  6. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (1. august 2008). «Eiendomsskatt, 2007». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  7. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (19. juni 2009). «Eiendomsskatt, 2008». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  8. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (24. juni 2010). «Eiendomsskatt, 2009». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  9. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (27. juni 2011). «Eiendomsskatt, 2010». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  10. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (19. juni 2012). «Eiendomsskatt 2011». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  11. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (18. juni 2013). «Eiendomsskatt, 2012». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  12. 12,0 12,1 Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (24. juni 2014). «Eiendomsskatt, 2014». SSB. Henta 4. juni 2015. 
  13. Bredeli, Else Helena og Thorud, Anne Brit (19. juni 2015). «Eiendomsskatt, 2015». SSB. Henta 19. juni 2015. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • NOU 1996: 20 Ny lov om eigedomsskatt
  • Lovdata: Eigedomsskattelova