Eigerøy bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eigerøy bru 2010
Foto: Jarle Vines

Eigerøy bru er ei bru over Nysund mellom Eigerøya og fastlandet i Eigersund kommune i Rogaland. Brua er 260 meter lang, med 40 meter midtspenn og 23,75 meter seglingshøgde. Riksveg 502 går over brua, som gjev innbyggarane på Eigerøya vegsamband med Egersund. Den vart opna av kronprins Olav i 1951. Det har vore tatt til orde for at brua bør utvidast, på grunn av større trafikk, spesielt til industriområda på Søre Eigerøya.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dalane Tidende, leiarartikkel: Ny bru? Arkivert 2007-10-16 ved Wayback Machine. (8. juni 2007)