Eigil Liane
| Eigil Liane | |||
| Fødd | 7. mai 1916 Tinn | ||
|---|---|---|---|
| Død | 17. juni 1994 (78 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, jarnbanearbeidar | ||
| Alle verv |
| ||
Eigil Olaf Liane (7. mai 1916–17. juni 1994) var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Tinn i Telemark som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1954 til 1973.[1]
Liane, som var son til ein jarnbanearbeidar, var frå 1934 til 1940 anleggsarbeidar på Sørlandsbanen. Etter å ha vore linjearbeidar og banevaktaraspirant fekk han i 1943 stilling som banevaktar. I 1947 tok han eksamen ved Jarnbaneskulen og var tilsett som baneformann i 1960.[1]
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Liane var aktiv i Arbeidernes Ungdomsfylking og seinare i Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sannidal kommune frå 1945 til 1955. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark og og tok sete på tinget ved nyår 1954. Etter å ha vore attvald fire gongar, gjekk han ut av Stortinget i 1973. Han var 1954-65 medlem av Administrasjonskomiteen, nestformann i den siste fireårsperioden, og av Samferdslekomiteen 1965-73. Elles var han med i Fullmaktskomiteen 1961-69 og Valkomiteen 1969-73.[1]
Anna
[endre | endre wikiteksten]Eigil Liane var ein personleg kristen, og var aktiv i Norges Kristne Arbeideres Forbund. I periodane 1972-75 og 1976-79 var han leiar i forbundet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Liane, Eigil Olaf (1916-1994)», Stortinget.
- Einskildmenn
- Fødde i 1916
- Døde i 1994
- Stortingsrepresentantar for Telemark
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Ordførarar i Sannidal
- Ap-ordførarar i Telemark
- Folk frå Tinn