Eigil Nansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eigil Nansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1931
Død

28. februar 2017 (85 år)

Yrke menneskerettsaktivist, arkitekt, politikar
Far Odd Nansen
Ektefelle Lone Bastholm

Eigil Nansen (18. juni 193128. februar 2017)[1] var ein norsk arkitekt og menneskerettsforkjempar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Nansen var soneson av polfareren og humanisten Fridtjof Nansen. Foreldra var Odd Nansen og Kari Hirch,[2] og han vart fødd året etter at farfaren døydde.

Han var gift med Lone Bastholm (f. 1934) frå 1965 til 1969.

Aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Nansen arbeidde særleg for flyktningar og menneskerettar. I 1979 danna han saman med Anette Thommessen aksjonskomiteen«En båt for Vietnam», som engasjerte seg for vietnamesiske båtflyktningar. Det kjende biletet av Erling Borgen som held ein baby vart årets bilete og aksjonen fekk stort merksemd. Nansen medverka òg til etableringa av Norsk Organisasjon for Asylsøkere, NOAS.[3] I 1991 vart han tildelt Leo Eitinger-prisen for innsatsen sin for flyktningar.

Eigil Nansen var formann i Nansenkomiteen. Han tende den olympiske elden på Bislett stadion under Vinter-OL 1952 i Oslo, dette var første gongen den olympiske elden vart tent i eit vinter-OL. Fakkelen fekk han overrekt frå Lauritz Bergendahl, som tok han inn på stadion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Han tente OL-ilden i 1952 - og feires som en konge i Sibir, Dagbladet, 1. mars 2017. Lest 1. mars 2017.
  2. Lone Bastholm (1934 -), Dansk Kvindebiografisk Leksikon.
  3. Ingrid A. Thommessen mfl: Eigil Nansen (nekrolog). Aftenposten, 15. mars 2017, s. 32.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]