Eike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eike er eit gammalt namn på ein liten robåt. Han har flat og bratt akterspegel. Uttrykket eike brukast i Vestfold, på Nordmøre, i Sør-Trøndelag og Telemark om ein liten pram eller liten robåt lik ein pram. Vidare vert brukt det om ein bestemd lokal båttype i Østfold, Solør, Råbyggelag, Mandal, Setesdal, Sunnhordland og fleire andre stadar som nemning på ein flatbotna båt.

Eike som båttype[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje variantar av denne båttypen, som er fullstendig flatbotna. Han vert nytta til fiske og transport på småvatn, innsjøar og elver. Eiker vart ofte bygd av vrakbord og var difor ofte billege i innkjøp. Den vart difor ein båt for allmugen.

Eika har typisk kasseform, men det er variantar med underliggande senterbord og ein mindre spegel forut eller overliggande senterbord. Ein variant på Randsfjorden er noko ulik, med eit flatt kjølbord og rund fasong som likna mykje på dei rundbotna åfløyene i Valdres. Båtar med kasseliknande fasong vart kalla flatbotningar, medan dei runde vart kalla rundbotningar.

Den vanlege eika[endre | endre wikiteksten]

Eika liknar ein avskoren robåt, med flat og bratt akterspegel. Den finst både med rund og flat botn. Tollegangen kunne skiftast ut med åregaflar, og det var berre plass til ein roar. Eika eigna seg best i smult farvatn og var vanlegvis lettrodd.

Modellmessig var han nær opp til jolla som kunne seglast og var utstyrt med feste for ror, men eikekjølen var ikkje stor nok til å hindra sideavdrift. Begge desse typane kunne utstyrast med ein nedsenking i akterstamnen der ein kunne leggja ei åre og hamla seg fram. For segljoller i vindstille var dette beste måten å koma seg heim på utan hjelp.

Dory[endre | endre wikiteksten]

Ein «slektning» frå den andre sida av Atlanterhavet er dory. Haner flatbotna og sidene var bygd slik at den ikkje trong spant for å halda fasongen. Denne båttypen var mykje brukt i det rike torskefisket på fiskebankane rundt Newfoundland.

Moderskipet var ein skarpseglende skonnert som hadde med seg ein stabel av doryar på dekk. Desse vart sloppe ut med ein fiskar i kvar, medan moderskipet låg i nokoleis same posisjon for å ta dei opp etter endt økt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]