Eikefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°36′12.154″N 5°23′3.5916″E

Botn av Eikefjorden

Eikefjorden er ein fjord i Flora kommune i Sogn og Fjordane innanfor Florø. Fjorden er ei fortsetjing av Vassreset og Solheimsfjorden som ligg på sørsida av Florø og strekkjer seg om lag 16 km inn til Eikefjord.

Fjorden har innløp mellom Mækjevika i nord og Neståa i sør. Fjorden vert smalare like etter innløpet og ved Leversundet er han om lag 300 meter brei. Fjorden går først austover før han svingar svakt søraustover og inn til Kvalvik. Her vert fjorden langt vidare og deler seg i to, ein del aust til Eikefjord og ein del vest til Botnavik. Lengst søraust i fjorden ligg grendene Orehola og Sunnarvik.

Riksveg 5 går langs heile nordsida av fjorden mellom Eikefjord og Florø.