Eikesdalsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eikesdalsvatnet
innsjø
none
Område Nesset (Møre og Romsdal)
Høgd over havet 22 moh moh
Lengd 18 km km
Areal 23 15 km² km²
Kystlengd1 44 02 km km
Wikimedia Commons: Eikesdalsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Eikesdalsvatnet[1] er ein innsjø i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Han ligg 22 meter over havet og største djupna er 155 m. Sjøen er lang og smal – snautt 18 km i luftlinje. Arealet er 23 km², noko som gjer Eikesdalsvatnet til den største innsjøen i Møre og Romsdal.

I sommarsesongen går det ferje på Eikesdalsvatnet mellom Øverås i nordenden og Eikesdalen i sørenden.

Vegen langs vatnet inn til Eikesdalen, Fv191 eller Eikesdalsvegen, har vore stengt fleire gonger på grunn av ras. I august 2003 forsvann 200 meter av vegen på grunn av flaum etter kraftig regnvêr. Mykje arbeid har vore gjort for å rassikre vegen, mellom anna er meir av vegen lagt i tunnel, men delar av vegen er framleis særs utsett for ras.

Eikesdalsvatnet er omkransa av fjell med toppar mellom 1500 og 1800 moh. Dei bratte fjellsidene ned mot Eikesdalsvatnet gjer området sterkt utsett for ras. Liene rundt vatnet har rike edellauvskogar og visstnok den største hasselskogen i Nord-Europa.

Eikesdalsvatnet har fleire innløp, mellom anna Aura som renn gjennom Eikesdalen til Aursjøen. Det mest kjente innløpet er Mardøla med den kjende Mardalsfossen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eikesdalsvatnet. Kartverket / Fakta om stedsnavn. Vitja 27. mai 2015.