Eiksundtunellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opninga av Eiksundtunellen 23. februar 2008.

Eiksundtunellen er ein undersjøisk tunnel som bind saman Hareidlandet med fastlandet i Møre og Romsdal. Tunnelen går mellom øya Eika i Ulstein under Vartdalsfjorden til SørheimBerkneshalvøya i Ørsta kommune. Under vegs går den mellom anna under Yksnøya og Lidaveten i Volda. Tunnelen er 7765 meter lang. Den er den nest lengste undersjøiske tunnelen i Noreg, etter Bømlafjordtunnelen.

Eiksundtunellen er ein del av Eiksundsambandet, som gir kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy fastlandssamband. Med ei djupne på 287 meter er Eiksundtunnelen no verdas djupaste vegtunnel. Arbeidet med tunnelen tok til sommaren 2004. Eiksundsambandet opna 23. februar 2008, og er ein del av Fylkesveg 653.

Største stigninga i tunnelen er 9,6 % opp mot Eika. Der er det tre felts veg. Stigninga opp mot Berkneshalvøya er 7,6 %. Der er det to felts veg, og den lengste beine vegstrekninga på Sunnmøre, ca 3,5 km rett fram.

Fram til somaren 2014 måtte ein betale bompengar for å køyre gjennom tunnelen. Ordinær takst for personbilar var NOK 76,-. Frå 14. juni 2014 vart all ferdsel avgiftsfri. Dette vart markert med eit arrangement der samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen deltok.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]