Eilean Mòr i Crowlin Islands
Utsjånad
| Eilean Mòr | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | 57°20′N 5°50′W / 57.34°N 05.83°W |
| Øygruppe | Indre Hebridane |
| Areal | 1,7 km² |
| Høgaste punkt | Meall a' Chòis (114 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Highland |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Eilean Mòr er den største øya i Crowlin Islands i Inner Sound utanfor Isle of Skye i Skottland.

Eilean Mòr ligg ved innløpet til Loch Carron, utanfor sørsida av Applecross i Wester Ross.
Utgravingar på Eilean Mòr syner spor etter menneske frå mellomsteinalderen for 8000 år sidan. Ruinar av hytter ligg nordaust på øya, nær Camas na h-Annait (Skotsk-gælisk for «Kyrkjebukta»). Midt på 1800-talet vart busetjarane på øya tvangsflytta frå Applecross for å gjere plass til sauebeite. Fleire familiar ville ikkje flytte frå Skottland og slo seg ned på Eilean Mòr for å leve av fiske og jordbruk.[1] Sidan kring 1920 har øya vore utan busetnad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eilean Mòr, Crowlin Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Crowlin Press». Crowlin Press. Arkivert frå originalen 2. oktober 2011. Henta 14. februar 2010.