Eileen Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eileen M. Collins)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eileen Collins
Commander Eileen Collins - GPN-2000-001177.jpg
Fødd 19. november 1956 (64 år)
Elmira
Yrke offiser, romfarar, flygar
Eileen Collins på Commons

Eileen Marie Collins (fødd 19. november 1956) er ein tidlegare amerikansk astronaut og pensjonert oberst i United States Air Force. Collins var den første kvinnelege piloten og kommandøren av ei romferje.

Collins vart fødd i byen Elmira i delstaten New York. Ho vart vald ut som astronaut av NASA i 1990, og fullførte treninga eit år etter.

Collins første reise til verdsrommet var den 3. februar 1995 om bord romferja DiscoverySTS-63. Som pilot skulle Collins fly Discovery i nærleiken av den sovjetiskbygde romstasjonen Mir for å førebu kommande samankoplingar mellom Mir og dei amerikanske romferjene i framtida. Collins var og pilot om bord AtlantisSTS-84 i 1997. Denne gongen kopla dei to fartøya seg saman.

I 1999 vart ho utnemnd som kommandør på STS-93 då romferja Columbia skulle utplasserte Chandra X-ray Observatory. Då den same romferja brann opp i 2003 og sette heile det amerikanske romferjeprogrammet på bakken i to og eit halvt år, var det Collins som var kommandør då STS-114 og Discovery markerte den første av dei to "return to flight" ferdene med å bringe nye forsyningar til den internasjonale romstasjonen, samt teste ut nye sikkerheitsprosedyrer for romferjeferdene.

Den 1. mai 2006 kunngjorde Eileen Collins at ho pensjonerte seg frå NASA for å få meir tid til familien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]