Eiler Schøller Rosenvinge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eiler Schøller Rosenvinge
Eiler Schøller Rosenvinge (1813–49).jpg
Fødd 12. juni 1703
Buksnes
Død

2. april 1776
Frosta

Yrke prest

Eiler Schøller Rosenvinge (fødd 12. juni 1703 i Buksnes i Lofoten, død 2. april 1776 på Frosta) var ein norsk prest. Det vert hevda at han var av adeleg slekt. Rosenvinge vart tilsett på Frosta som visepastor av Eiler Hagerup som var biskop i Nidaros. Det var strid om denne tilsettinga, av di at Hagerup og Rosenvinge var søskenbarn og biskopen var kjend for favorisere slektningar. Då Frosta vart sjølstendig prestegjeld vart Rosenvinge den fyrste soknepresten på Frosta. Han var i embetet et i 40 år heilt til høgsterett frådømde han dette. Dette var for livsførsla hans, misbruk av myndigheit og ulovlege inntekter frå embetet.

Familien[endre | endre wikiteksten]

Mo prestegard, Frosta
  • Elen Junghans f. 1715 d. 1753, prestedotter frå Tromsø var den fyrste kona. Dei hadde 11 born saman.
  • Karen Margrete Coldevin f. 1729 d. 1815, dotter av oberst Jørgen Coldevin, var den andre kona, og dei hadde 13 born saman. Rosenvinge hadde 24 born til saman. Broren, Peder Kaasbøll Rosenvinge som var sokneprest i Selbu hadde 19 born.

Far til Eiler Schøller Rosenvinge var Jacob Poulsen Rosenvinge f. 1668 d. 1735, var fogd i Vesterålen i Nordland. Han var stamfar til den norske Rosenvinge-ætta. Han budde på Vinje gård og eigde saman med soknepresten Nils Brønlund det store Hadsel kyrkjegodset. (kommunegods). Far hans var Poul Jørgenssøn Rosenvinge f. 1607 d. 1675. Han var sokneprest i Føns i Danmark og var 6. ledd av den danske Rosenvinge familien. Stamfaren var Mogens Jensen som døydde i 1528. Mogens Jensen var skrivar eller sekretær til prins Christian, seinare kong Christian 2. I åra 1504 og 1506 var han sjef for Bergenhus Len , som da var eit viktig len. Han vart av prinsen oppteken i adelsstanden, "For troskap og Villig Tjeneste", i eit ope brev datert Helsingborg Torsdag nest etter Kong Olavs Dag , 31. juli 1505. Først da adelspatentet vart fornya i 1630, vart namnet Rosenvinge lagt til og oppteke i patentet. Mogens Jensen var gift med Anna, dotter til Peder Hansen som var borgarmeisteren i Helsingør. Mogens Jensen vart adla av kong Christian 1, 23. juni 1476. Mogens Jensen var borgarmeister i Helsingør i 1517. Etter han døydde bygde enka Anna eit hus i Malmö (Rosenvingehuset) i 1535. Dette huset står også i dag og det er freda.

«En meget slet prest»[endre | endre wikiteksten]

Det var Ludvig Daae som skildra Rosenvinge som «en meget slet prest». Rosenvinge hadde stor familie , førte eit fint hus og deltok aktivt i selskapslivet. Dette gjekk utover arbeidet med kyrkjelyden som han fekk lita tid til og det gjekk med mykje pengar til dette. Biskopane Eiler Hagerup, Fredrik Nannestad og Johan Ernst Gunnerius var fleire gonger på Frosta på visitas. Hagerup var positiv til Rosenvinge, men Nannestad og Gunnerius var negative i rapportane sine i visitasprotokollen. I saka mot Rosenvinge er det skrive 40 tettskrivne sider om han i rettsprotokollen. Her er eit utdrag av saker som er notert mot han:

  • Kyrkjevitjinga gjekk tilbake som igjen resulterte i nedgang i kyrkjelivet.
  • Han gjorde lite for skulen som førte til utsetjing av ein ordna skuleordning.
  • Kyrkjeboka blir tildels ikkje ført og det er unøyaktig det som står der.
  • Rosenvinge møter lite førebudd til preiker.
  • «Klæder etc befantes saa ureene og liderlige» skriver Nannestad i sin rapport.
  • «Kirkerne ejer Præsten, men holder dem ikun maadelig ved lige» har biskopen også notert.
  • På vårtinget i 1746 klager 20 frostingar på urimeleg stor betaling til presten ved dåp, gravferder og liknande.
  • Uvillig til å gi skriftemål og stenger folk ute frå nattverd på grunn av manglande bibelkunnskap.
  • Konfirmanten Olava Richter vart nekta å gå til alters, då ho ikkje hadde nokon daler å gi presten. Rosenvinge sa at om ho kunne heile Bibelen så var ho eit djevelens born. Etter klage til biskopen fekk ho gå til alters på Ekne

Arv og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

  • Buet etter Rosenvinge var på 18581 riksdalar, 3 ort og 9 skilling.
  • 15 barn er ført opp som arvingar ved skifte 1. mai 1776.
  • Det var mange som meinte at Rosenvinge var forheks av ein finn, eller at ein vond ånd fór i han.
  • På folkemunne seies det at Rosenvinge går igjen i Mo prestegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Christiansen Per R.: Frostaboka (Bind 3) Frosta historielag 1989.
  • Moksnes Leif: Frostaboka (Bind 2) Frosta historielag 1970.