Eilert Løseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilert Løseth

Fødd1. september 1858
Trondheim
Død2. november 1945
NasjonalitetNoreg
Områdelitteratur, romanistikk, Litteraturhistorie, litteraturkritikk
Yrkeprofessor, filolog, litteraturhistorikar, skribent, universitetslærar, litteraturkritikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Oluf Eilert Løseth (1. september 18582. november 1945) var ein norsk filolog frå Trondheim. Han var professor i romansk filologi ved Universitetet i Oslo 1913–28.

Kjøpmannsonen Løseth vart cand. philol. i 1883. Der etter studerte han romansk språk og litteratur både i Paris og i Italia i to år fram til 1886. År 1888 tok han doktorgraden i romansk filologi på avhandlinga «Tristanromanens gammelfranske prosahaandskrifter». Dei neste fire åra heldt han til i Paris, gav då ut eit kritisk arbeid av to gammalfranske tekster skrivne av diktaren Gautier d'Arras, høvesvis Eracle og Ille et Galeron.

I tida 1892–95 var Løseth stipendiat i romansk filologi og heldt òg førelesingar i litteraturhistorie. Frå 1895 var han dosent og frå 1913 professor i romansk litteratur ved universitetet i Kristiania. Dessutan var han frå 1897 også lektor i fransk språk. Løseth skreiv desse åra ei rad artiklar om fransk syntaks og særleg eldre fransk litteratur, publisert både i norske og utanlandske tidsskrift. Saman med Johan Skougaard gav han i 1921 ut Fransk-norsk ordbok og 1936-40 Norsk-fransk ordbok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]