Eilev Groven Myhren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eilev Groven Myhren
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1973 (50 år)
Yrke filolog, omsetjar, korleiar
Far Magne Myhren
Mor Dagne Groven Myhren

Eilev Groven Myhren (fødd 16. august 1973) er ein norsk musikkvitar, filolog og omsetjar.

Myhren har hovudfag i musikk, og har norsk, norrønt og folkeminnevitskap i fagkrinsen. Nynorskomsetjinga hans av verket The Lord of the Rings kom ut i desember 2006. Med tittelen Ringdrotten er omsetjinga særkjenna av aktivt bruk ulike norske talemål og skriftnormalar for å skildra dei ulike folkeslaga i Midgard. Han fekk nynorsk litteraturpris for 2006 for omsetjinga; det er andre gong prisen vert delt ut for eit omsetjingsarbeid.

«Dagens prisvinnar får prisen for sitt arbeid med ei bok som må reknast blant klassikarane i den vestlege litteraturen. Sjølv om verket to gonger tidlegare har vore omsett til bokmål, meiner juryen at denne nye omsetjinga har synt oss nye sider ved verket, både i breidda og i djupna.

Dagens prisvinnar, som er debutant som omsetjar, har tatt i bruk eit breitt tilfang av stilar, målnormer og dialektar for å føre verket det er tale om, over til nynorsk.»

Juryen for nynorsk litteraturpris 2006

Han har seinare omsett Tolkiens bok Hobbiten til nynorsk, Tiden 2008.

Folkemusikk og kor[endre | endre wikiteksten]

I Groven Myhrens hovuddoppgåve i musikk: Fons et origo, arven fra europeisk renessanse i norsk folkemusikk og dans, vert den norske springaren og polsen drøfta i lys av tredelte danseformer frå renessansen. Arbeidet med norsk folkemusikk har nedfelt seg i artiklar, mellom anna i Årbok for norsk folkemusikk. Groven Myhren spelar sjølv hardingfele, har spela til dans og delteke på kappleik.

Han har i fleire år verka som kordirigent, laga arrangement og skrive musikk for kor.

Eilev Groven Myhren er son av Magne Myhren og Dagne Groven Myhren, og bror av Øyonn Groven Myhren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]