Eilev Hansen Tothammer
| Eilev Hansen Tothammer | |||
| Fødd | 1760 Sokndal | ||
|---|---|---|---|
| Død | 19. april 1823 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar, overstyrmann | ||
| Alle verv |
| ||
Eilev Hansen Tothammer (1760–19. april 1823) var ein norsk gardbrukar, skipper og stortingsmann frå Sokndal i Rogaland. Han representerte i 1814 Stavanger amt på det fyrste Stortinget. Han var grandonkel til Ole Gabriel Ueland.[1]
Tothammer vart fødd som trilling på garden med same namn, seinhaustes i 1760. Den 7. desember det året vart han og dei to trillingbrørne Gabriel og Johannes døypte i dåverande Sokndal kyrkje. Eine trillingbroren, Gabriel, gjorde karriere i det militære og enda opp som oberstløytnant i Kristiansand, den andre trillingbroren, Johannes, var dverg og budde på garden Åmot i Sokndal.[1]
Eilev Tothammer reiste tidleg til sjøs i fart på Nederlanda. Han tok styrmannseksamen i København og fekk i 1793 borgarskap i Bergen. I mange år var han førar av skuter, heimehøyrande i Bergen, som gjekk i langfart til både Vest-India og Ostindia. Ved minst eitt høve var han i New York. Folketeljinga 1801 viser at han då var heime på garden sin i Sokndal, også ufredsåra 1807-14 var han heime. Desse åra var han «ivrig chef for kystvernet».[1]
Sommaren 1814 vart Tothammer vald til 2. representant frå Stavanger amt til det fyrste ordentlege Storting.[1] Etter 1814 var han skipper på skip som storkjøpmannen Gabriel Kielland i Stavanger eigde. På ein tur frå Habana på Cuba braut virussjukdomen «den gule feber» ut om bord. Både Tothammar og mange av mannskapet vart smitta, men dei makta likevel å føre skuta heim til Stavanger.[1] Gulfeber herja i Vest-India og USA i perioden 1819-22 og tok ei mengd liv.
Eilev Tothammer var gift med Berthe Vilhelmsdatter Bøe frå Slettebø ved Egersund. Han døydde heime på garden sin våren 1823. Den 17. mai 1904 reiste ungdomslaget i bygda ein tre meter høg bautastein på grava hans.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Eilev Hansen Tothammer ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør