Eiliv Gudrunsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eiliv Gudrunsson
Fødd 10. hundreåret
Død

11. hundreåret

Yrke lyrikar, skribent
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Eiliv Gudrunsson (norrønt: Eilífr Goðrúnarson) var ein skald som levde i siste delen av 900-talet.

Han hadde etternamn etter mora (metronym namneskikk, i motsetnad til patronym) noko som skulle tyde på at han vaks opp utan ein far, eller at mora var ei mektig og framståande kvinne. Noko meir om ætta til Eiliv veit vi ikkje, heller ikkje når, eller kvar helst han vart fødd. Han er ikkje nemnd i samtidige kjelder frå Island og ein reknar som mest truleg at han var ein norsk skald.

Eiliv er nemnd i Skaldatal[1] som ein av skaldane hos Håkon Sigurdsson Jarl. Berre få dikt av han er kjende, det viktigaste er Torsdråpa som handlar om den norrøne guden Tor si reise til jotnen Geirrød. Diktet er i drottkvede (dróttkvætt[2]) og fylt med gåtefulle omskrivingar og fantasifulle kjenningar, som gjer det tungt tilgjengeleg.

I eit dikt (halvstrofe) nytta Eiliv ein kjenning for Kristus, og det har vore drøfta om han, ein av skaldane i kretsen rundt Håkon jarl, var blitt ein kristen. Han må i alle høve ha vore kjend med kristendommen.

Alle dei kjende dikta av Eiliv Gudrunsson er funne i Skaldskaparmål[3] i Snorre Edda.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal frå heimskringla.no (Snorre-Edda)
  2. drottkvætt STORE NORSKE LEKSIKON
  3. Skaldskaparmål på norrønt, frå heimskringla.no (Snorre Edda)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjende dikt av Eilif Gudrunsson