Eimear Quinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eimear Quinn
Eimear Quinn tijdens Het Grote Songfestivalfeest 2019.jpg
Fødd18. desember 1972 (49 år)
FødestadDublin
OpphavIrland
Aktiv1992–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapDecca Records
Verka somsongar
Gift medNoel Curran

Eimear Quinn (irsk Eimear Ní Chuinn, fødd 18. desember 1972) er ein irsk songar som vann Eurovision Song Contest for Irland i 1996 med songen «The Voice». Dette var den sjuande sigeren til Irland i Eurovision Song Contest.

I 1995 vart Quinn med i den irske korgruppa Anúna, som turnerte internasjonalt og spelte inn to album: Omnis og Deep Dead Blue.[1] I desember 1995 vart Quinn oppdaga av låtskrivaren Brendan Graham medan ho opptredde saman med koret. Han spurde ho om ho ville delta i Eurovision Song Contest med songen hans «The Voice». Quinn takka ja til tilbodet og vann seinare den internasjonale finalen i Oslo 18. mai 1996. Medan poenga tikka inn under avrøystinga, framførte ho delar av «Norwegian Wood» av The Beatles på sparket saman med programleiar Morten Harket.[2]

Quinn deltok òg under jubileumshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i 2005.[3]

Quinn vart uteksaminert frå NUI Maynooth i Irland før ho vart profesjonell songar. I 2001 gav ho ut ei plate på Decca Classics som heitte Through the Lens of a Tear, og i 2006 gav ho ut samlealbumet Gatherings. I 2007 gav ho ut julealbumet O Holy Night[4].

I 2006 las Quinn opp dei irske poenga under Eurovision Song Contest.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eimear Quinn | Biography & History | AllMusic». Henta 11. juni 2017. 
  2. setheurovision94 (19. april 2008). «Eurovision 1996 - "Norwegian Wood"». Henta 11. juni 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Eimear Quinn». Henta 11. juni 2017. 
  4. «Eimear Quinn» (på engelsk). Henta 11. juni 2017.