Ein Gev
Ein Gev | |||
עֵין גֵּב | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emek HaYarden | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 6. juli 1937 | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Ein Gev | |||
Wikimedia Commons: Ein Gev | |||
Nettstad: www.eingev.co.il | |||
Ein Gev (hebraisk עֵין גֵּב) er ein kibbutz på austbreidda av Genesaretsjøen nord i Israel. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2002 var folketalet i Ein Gev var 521.[1]
Kibbutzen ligg nær ruinane av den gresk-romerske busetnaden Hippos.
Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen Ein Gev vart grunnlagd 6. juli 1937 under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939 som ei tårn og palisade-busetjing, slik mange kibbutzar oppstod i denne tida, og han vart raskt eit levedyktig samfunn. Dei første nybyggjarane var emigrantar frå Tsjekkoslovakia, Tyskland, Austerrike og Baltikum.[2] Dei brukte intensive oppdyrkingsmetodar og utvikla bananplantasjar. Dei fiska òg i Genesaretsjøen. I 1947 hadde Ein Gev hadde eit folketal på 450.[2]
Ein Gev låg like ved grensa til Syria og vart bomba under slaget i Kinarotdalen og i andre kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948. Desse farane forsvann då Israel okkuperte Golanhøgdene i nærleiken under seksdagarskrigen i 1967.
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
Kibbutzen driv eit feriesenter og ein fiskerestaurant. Innan jordbruk vert det dyrka bananar og drive meieridrift og strutseavl. Kibbutzen bygde ein konserthall med 2 500 seter for å huse den årlege Ein Gev musikkfestivalen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ein Gev» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (he) (en)