Ein HaShlosha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°21′1.08″N 34°24′9.35″E
Ein HaShlosha
עֵין הַשְּׁלֹשָׁה, עין השלושה
kibbutz
EnHashlosha.JPG
Kornåker i Ein HaShlosha
Namneopphav: Kjelda til dei tre
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°21′1.08″N 34°24′9.35″E
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av søramerikanske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ein Hashlosha

Ein HaShlosha (hebraisk skrift עֵין הַשְּׁלֹשָׁה, tyder Kjelda til dei tre) er ein kibbutz vest i Negevørkenen i Israel. Han høyrer til Eshkol regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart kalla opp etter tre kibbutz-medlemmar som vart drepen under den arabisk-israelske krigen i 1948. Han vart grunnlagd i 1950-åra av ei Nahal-gruppe av sionistungdommar frå Sør-Amerika, medlemmar av ungdomsrørsla Hanoar Hatzioni, på landområdet til den tidlegare kibbutzen Neve Yair (Neve Yair vart grunnlagd i 1949 av medlemmar av Lehi, men vart fråflytta i juni 1950. Dei første åra av kibbutzen vart han ofte bombardert av den egyptiske hæren.[1]

Kibbutzen ligg tett ved grensa til Gaza og vart regelmessig angripen av palestinsk skyting under Gaza-Israel-konflikten i 2008.[2] Den 15. januar 2008 vart ein ecuadoriansk frivillig, Carlos Chavez, skoten og drepen av ein Hamas-snikskyttar, medan han arbeidde i kibbutzen.[3]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen driv hovudsakleg med jordbruk, særleg kalkunavl og meieridrift. Han har òg ein liten fabrikk. I mars 2006 vart hundrevis av kalkunar funnen døde, noko som spreidde frykta for fugleinfluensa-viruset i Israel.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 413. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. Israeli hurt by Palestinian gunfire on Negev kibbutz Haaretz, 26. mars 2008
  3. Kibbutz Ein Hashlosha mourns Carlos Andres Muscara Chavez Jerusalem Post, 15. januar 2008
  4. Fear: Bird flu reaches Israel Ynetnews, 16. mars 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]