Ein HaShofet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein HaShofet
עֵין הַשּׁוֹפֵט
landsby
Namneopphav: Domarkjelda
Land  Israel
Region Ramat Menashe
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°35′45.24″N 35°6′3.96″E
Folketal 759  (2008)
Grunnlagd 5. juli 1937
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Ein HaShofet
32°35′45″ N 35°6′4″ E
Wikimedia Commons: Ein HaShofet
Nettstad: www.keh.co.il

Ein HaShofet (עֵין הַשּׁוֹפֵט, tyder. Domarkjelda) er ein kibbutz nord i Israel i Efraimfjellet. Han ligg i Ramat Menashe-området kring 30 km frå byen Haifa, nær Yokneam, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 759.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ein HaShofet tyder omtrent «Domarkjeldane», og er kalla opp etter den amerikanske høgsterettsdomaren Louis D. Brandeis (1856-1941), den første jøden som hadde denne stillinga, og som vart vald ut for den leiande rolla si i den amerikanske sionistrørsla. Det renn ei kjelde nær kibbutzen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Januar 1945, Kibbutz Ein Hashofet, forfattaren Arthur Koestler er nummer 5 frå høgre.

Ein HaShofet vart grunnlagd 5. juli 1937 og nybyggjarane budde i den nærliggande åsen Ja'ara i eitt år før dei flytta til den noverande plasseringa til kibbutzen. Før grunnlegginga i Juara, budde nybyggjarane fem år i Hadera, der gruppa fekk med seg to grupper frå Hashomer Hatzair, ei frå Polen (inkludert Aharon Efrat, seinare medlem av Knesset) og ei frå Nord-Amerika, den første Hashomer Hatzair-gruppa Nord-Amerika. Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd som ei tårn- og palisadebusetjing.

Området vart nytta av arabiske «gjengar» og nybyggjarane måtte forsvare seg sjølv mot nattlege åtak. Dette var midt i arabaropprøret i Palestina 1936-1939, som jødane på den tida kalla «forstyrringar».[1]

Frå 1938 og frametter vart staden på åstoppen og steinhuset Juara nytta av Haganah, den største jødiske undergrunnsmilitsen, og seinare av det israelske forsvaret, og er i dag eit Haganahnuseum.[2][3]

Trass i vassmangel og vanskelege tilhøve, hadde staden ti år seinare 450 innbyggjarar.[1]

Under den israelske sjølvstendekrigen hjelpte nybyggjarane å slå styrkane til Kaukji etter åtaket deira i april 1948 på Mishmar HaEmek.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 37. 
  2. [1]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. april 2014, henta 15. mars 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]