Ein Hatzeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 30°47′53″N 35°14′48″E
Ein Hatzeva
עֵין חֲצֵבָה
landsby
EinHatzeva palmtrees.jpg
Namneopphav: Hatzevakjelda
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Arava
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Tamar
Koordinatar 30°47′53″N 35°14′48″E
Grunnlagd 1960
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ein Hatzeva

Ein Hatzeva (hebraisk skrift עֵין חֲצֵבָה, tyder Hatzevakjelda) er ein moshav sentralt i Aravadalen i Israel. Han ligg sør for Daudehavet og høyrer til Tamar regionale kommune.

Ein Hatzeva vart grunnlagd i 1960 som eit utilslutta gardsbruk og var ikkje anerkjent av styresmaktene. Grunnleggjarane prøvde å dyrke grønsaker i den tørre Aravadalen, og landsbyen fekk offisiell status då dei klarte dette.[1]

Han vart kalla opp etter den nærliggande Hatzevakjelda, som igjen har namn etter det arabiske namnet Ayn Husb. Staden var nemnt i greske tekstar som Eisebon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 748. ISBN 965-448-413-7.  (he)