Ein Mahil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Mahil
עֵין מָהִל, עין מאהל, عين ماهل
lokal kommune
Namneopphav: Kjelda i audemarka[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°43′22.87″N 35°21′7.84″E
Areal 5,20 km²
Folketal 10 800  (2006)
Folketettleik 2 077 / km²
Bystatus 1964
Kart
Ein Mahil
32°43′23″ N 35°21′8″ E
Wikimedia Commons: Ein Mahel

Ein Mahil (arabisk عين ماهل, hebraisk עֵין מָהִל) er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel, kring 5 km nord for Nasaret. Han fekk status som lokal kommune i 1964. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 10 800 i 2006, med ein vekstrate på 2,2%. Dei flete innbyggjarane i landsbyen er muslimar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var Ein Mahil oppført i osmanske skatteregister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, og geiter eller bikubar.[2]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitjein landsbyen i 1875, og skildra 10 fattige bustader, omgjeve av hagar av oliven, fiken og granateple.[3] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som ein «Steinlandsby, høgtliggande, omgjeve av fiken og oliven og dyrkbar mark. Han var busett av kring 200 muslimar og ligg i nærleiken av nokre fine kjelder.»[4]

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet, hadde 'Ain Mahel eit folketal på 516, alle muslimar.[5] Folketalet hadde auka i 1931 til 628, der éin var kristen og resten muslimar, i totalt 109 busette hus.[6]

I 1945 var folketalet 1 040, all arabarar, med 13 390 dekar land, i følgje ei offisiell måling.[7] Av dette var 1 486 dekar for plantasjar og irrigert land, 6 748 for korn,[8] medan 35 dekar var utbygd land.[9]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 122
  2. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 189. 
  3. Guérin, 1880, s. 382
  4. Conder and Kitchener, 1881, s. 362
  5. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38. 
  6. 1931 Det britiske mandatet Census s. 73.
  7. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Central, 1970, s. 62[daud lenkje]
  8. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Central, 1970, s. 109[daud lenkje]
  9. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]