Ein Tzurim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°41′40.92″N 34°43′6.96″E
Ein Tzurim
kibbutz
Ein Tzurim.jpg
Ein Tzurim
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°41′40.92″N 34°43′6.96″E
Grunnlagd 23. oktober 1946 (i Gush Etzion)

1949 (noverande plassering)

 - Grunnlagd av Bnei Akiva-medlemmar
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ein Tzurim

Ein Tzurim (hebraisk skrift עֵין צוּרִים, tyder 'Klippekjelde') er ein religiøs kibbutz sør i Israel. Han ligg sør for Kiryat Malakhi og høyrer til Shafir regionale kommune, og er eit medlem av Den religiøse kibbutzrørsla. I 2007 var folketalet 1 100.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Første kibbutz[endre | endre wikiteksten]

Ein Tzurim i 1947

Kibbutzen vart grunnlagd den 23. oktober 1946 som ein ny busetnad i Gush Etzion (aust for dagens plassering). Grunnleggjarane var palestinsk-fødde medlemmar av den femte gruppa (Gar'in) av Bnei Akiva som vart danna i Tirat Zvi.[1]

I 1947 hadde kibbutzen eit folketal på 80. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 vart kibbutzen øydelagd i lag med dei andre busetnadane i Gush Etzion, av den jordanske hæren. Mennene som var att for å kjempe vart tekne som krigsfangar til Mafrak krigsfangeleir.[1]

Under fornyinga av jødiske busetjingar i Gush Etzion etter seksdagarskrigen, vart det grunnlagd ein ny kibbutz kalla Rosh Tzurim på den opphavlege staden til Ein Tzurim.

Dagens plassering[endre | endre wikiteksten]

I 1949 danna innbyggjarane som drog frå Ein Tzurim ei ny busetjing sør i det sentrale Israel, nær landsbyane Zerahia, Shafir og Merkaz Shapira, og dei kalla òg denne Ein Tzurim. Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Sharqiyya.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 39. 
  2. Khalidi, 1992, s. 135