Hopp til innhald

Ein bißchen Frieden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ein bißchen Frieden»
Song av Nicole

Land Tyskland
Språk Tysk
Utgjeve 1982
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:02
Selskap Jupiter[1]
Komponist Ralph Siegel
Tekstforfattar Ralph Siegel
Låtskrivar(ar) Ralph Siegel og Bernd Meinunger
Produsent Robert Jung

«Ein bißchen Frieden» (norsk omsetjing ‘litt fred’) er ein tyskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1982 for Vest-Tyskland. Songen blei framført av den då 17 år gamle gymnasiasten Nicole. Songen var komponert av Ralph Siegel, mens Bernd Meinunger skreiv teksten. Låtskrivarduoen hadde tidlegere levert ei rekke suksessrike låtar i konkurransen. Dei tre føregåande åra hadde dei ein fjerdeplass og to andreplassar. Dette var deira fyrste siger. «Ein bißchen Frieden» blei ein stor hit i Europa etter konkurransen og toppa hitlistene i ei rekkje land, inkludert Noreg.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Ein bißchen Frieden» var eitt av tolv bidrag som deltok i den tyske finalen i München laurdag 20. mars 1982. I den tyske finalen var Nicole den siste artisten ut på scena og vann ein klår siger. Dimed blei «Ein bißchen Frieden» det vesttyske bidraget til Eurovision Song Contest i engelske Harrogate laurdag 24. april 1982.

I Eurovision Song Contest var Nicole den 18. og siste artisten ut på scena, og ho framførte songen sitjande på ein krakk og spelande på ein kvit kassegitar. Med seg på scena hadde ho fleire musikarar, blant anna ein harpespelar.

Avrøystinga blei raskt ein eneste lang sigersparade for Nicole. «Ein bißchen Frieden» fekk tolv poeng frå heile ni land og vann med 161 poeng – 61 poeng framfor andreplassen. Dette var den poengmessig største sigersmarginen i historia til Eurovision Song Contest inntil Alexander Rybak vann med «Fairytale» i 2009. Den norske jurygruppa hadde «Ein bißchen Frieden» på andreplass og gav 10 poeng.[2]

Under vinnerreprisen song Nicole vinnarlåten på fire ulike språk: Tysk, engelsk, fransk og nederlandsk, til stor applaus frå publikum. Dette var den fyrste sigeren til Tyskland, og den einaste sigeren til Vest-Tyskland fram til den tyske sameininga i 1990. Fyrst i Bærum i 2010 vann Tyskland ein ny siger i Eurovision Song Contest, då med Lena Meyer-Landrut og songen «Satellite».

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

Den milde balladen skildra eit ønske om verdsfred, og Nicole spela songen inn på ni språk, blant anna fransk, nederlandsk, dansk og russisk. Ho spela også inn ein tysk-engelsk-nederlandsk versjon og ein tysk-italiensk-engelsk versjon.

«Ein bißchen Frieden» toppa singellistene i fleire land og selde meir enn tre millionar eksemplar. Den engelske versjonen er per 2017 den siste Eurovision Song Contest-vinnaren som toppa den britiske singlelista. Songen har også æra av å vere den 500. nummer éin-songen på den britiske lista.

I Noreg skjedde noko av det same. «Ein bißchen Frieden» låg åtte veker på VG-lista, derav éin veke på fyrsteplass. Med unntak av Bobbysocks sin «La det swinge» i 1985, var det fyrst i 2009 med «Fairytale» av Alexander Rybak, at ein Eurovision-vinnar på nytt toppa den norske singellista. Den andre vinnarlåten til Tyskland frå 2010 gjekk også til topps på VG-lista.[3]

Albumet til Nicole, A Little Peace, gjorde suksess i Noreg og låg 15 veker på VG-lista i 1982 med nummer to som høgaste plassering. Det påfølgjande albumet, Meine Kleine Freiheit, låg åtte veker på den norske albumlista i 1982–1983.[4]

«Ein bißchen Frieden» var éin av fjorten tidlegare Eurovision-låtar som deltok i 50-årsjubileumsshowet til Eurovision Song Contest i 2005. Der kjempet han om røystene til tv-sjåarane for å bli tidanes Eurovision-låt. I avrøystinga kom «Ein bißchen Frieden» på sjuandeplass, mens ABBA sin «Waterloo» vann.

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Philip A. Kruse har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Litt mere frihet».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

  • Hanne Krogh. Gjeven ut på LP-en Alene (AB Records, AB 4001) i 1982.[5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste Tittel Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] «Ein bißchen Frieden» 1 20 1. mai 1982
 Belgia, Flandern (Ultratop)[7] «Ein bißchen Frieden» 1 11 15. mai 1982
 Frankrike (IFOP)[8] «La paix sur terre» 21 17 7. mai 1982
 Irland (Irish Singles Chart)[9] «A Little Peace» 1 11 2. mai 1982
 Nederland (Single Top 100)[10] «Een beetje vrede» 1 12 8. mai 1982
 Noreg (VG-lista)[4] «Ein bißchen Frieden» 1 8 Uke 19 1982
 Spania (SER/PROMUSICAE)[11] «Un poco de paz» 10 12 22. mai 1982
 Storbritannia (UK Singles Chart)[12] «A Little Peace» 1 9 8. mai 1982
 Sveits (Schweizer Hitparade)[13] «Ein bißchen Frieden» 1 11 25. april 1982
 Sverige (Sverigetopplistan)[14] «Ein bißchen Frieden» 1 7 18. mai 1982
 Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[15] «Ein bißchen Frieden» 1 26 5. april 1982

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nicole (2) ‎– Ein Bißchen Frieden». discogs.com. Henta 21. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 1982 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 21. februar 2017. 
  3. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. Henta 21. februar 2017. 
  4. 4,0 4,1 «VG-lista for Nicole». VG Nett. Henta 21. februar 2017. 
  5. «Hanne Krogh ‎– Alene». discogs.com. Henta 21. februar 2017. 
  6. Hung, Steffen. «Nicole – Ein bisschen Frieden». austriancharts.at. Henta 21. februar 2017. 
  7. «Ein bisschen Frieden – Ultratop». ultratop.be. Henta 21. februar 2017. 
  8. «Oversikt over sanger på fransk singelliste (søk 'La paix sur terre ' ved å trykke ctrl+s ev. cmd+f)». InfoDisc.fr. Henta 21. februar 2017. 
  9. http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts (skriv 'A Little Peace' i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 21. februar 2017. 
  10. Hung, Steffen. «Nicole – Een beetje vrede». dutchcharts.nl. Henta 21. februar 2017. 
  11. «Nicole – Superventas 1982». Listas De Superventas. 12. februar 2010. Henta 21. februar 2017. 
  12. «A Little Peace – chart history». Official Charts Company. Henta 21. februar 2017. 
  13. Hung, Steffen. «Nicole – Ein bisschen Frieden – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 21. februar 2017. 
  14. «Nicole – Ein bisschen Frieden (Song)». hitparad.se. Henta 21. februar 2017. 
  15. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Ein bisschen Frieden' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 21. februar 2017.