Einar A. Tandberg-Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar A. Tandberg-Hanssen
Fødd6. august 1921
Død5. november 2012
Yrkeastrofysikar
InstitusjonarUniversity of Alabama
Alma materUniversitetet i Oslo

Einar A. Tandberg-Hanssen (6. august 192122. juli 2011) var ein norsk-amerikansk astrofysikar.

Han tok graden dr.philos. i Oslo i 1960. Tandberg-Hanssen hadde forskjellige stillingar ved Universitetet i Oslo og ved forskingssenter i USA. Han vart i 1974 tilsett ved Space Science Laboratory ved NASA sitt Marshall Space Flight Center (MSFC) i Alabama. Der var han først Senior Research Scientist, seinare Deputy Director, og deretter Director frå 1987 til han gjekk av for aldersgrensa i 1993. Etter 1993 hadde Tandberg-Hanssen bistilling som professor i fysikk ved University of Alabama.

Tandberg-Hanssen har over hundre vitskaplege publikasjonar, dei fleste innan solfysikk, og han forfattar fleire bøker, mellom anna Solar Activity (1967), Solar Prominences (1974), The Physics of Solar Flares (1988) og The Nature of Solar Prominences (1995). Spesielt er boka hans om solare protuberansar blitt eit internasjonalt standardverk innan denne disiplinen av solfysikken.

Tandberg-Hanssen vart i 1982 medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Han var visepresident 1979–1982 og president 1982–2+85 for Commission 10 i Den internasjonale astronomiske unionen (IAU) og president for Federation of Astronomical and Geophysical Data Analysis Services (ISCU) 1990–1994. Han har òg motteke NASA sin Exceptional Service Medal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]