Einar Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Aas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1955 (68 år)
Moss kommune
Idrett fotball

Einar Jan Aas (fødd 12. oktober 1955) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Moss i Østfold. Han vart norsk seriemeister 1987 for Moss FK og spelte 35 kampar på Noregs landslag. Aas var ein plasseringssikker og kvikk midtstoppar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Aas debuterte for det dåverande andredivisjonslaget Moss i 1972, eit lag som frå 1976 spelte i 1. divisjon. Frå januar 1980 var han Bayern München-spelar til han i mars 1981 vart overført til det engelske topplaget Nottingham Forest. Etter han braut leggbeinet i ein kamp seint i november 1981, vart han gåande skadd i lang tid. Frå hausten 1983 til 1987 var han på ny Mosse-spelar. I sin siste sesong, 1987-sesongen, var han med då Moss i siste og avgjerande kamp mot Molde FK vann 2-0 på Molde stadion og sikra Moss Fotballklubbs einaste serietriumf.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Aas spelte 35 landskampar for Noreg i tida frå juni 1977 til oktober 1986. Han var med då Noreg vann 2- 1 over England i VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 9. september 1981. Aas skåra 3 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1987 for Moss FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]