Einar Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Brun
Fødd9. november 1936
Død13. juli 1976
Yrkeuniversitetslærar, marinbiolog
InstitusjonarTromsø Museum
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Zoologisk museum
Alma materUniversity of Liverpool
Universitetet i Oslo

Einar Brun (9. november 193613. juli 1976) var ein norsk biolog som arbeidde med emne innan marinbiologi og med studiar av sjøfuglkoloniar. Han var mellom anna leiar ved Marinbiologisk Stasjon ved Universitetet i Tromsø og arbeidde med realisering av anlegg for lakseoppdrett.

Einar Brun voks opp i Sandefjord der han tidleg fekk interesse for ornitologi og tok til å merke fuglar for Stavanger Museum. Frå 1965 var han busett i Tromsø, knytt til Tromsø Museum og universitetet. Han var gift med kunstnaren Diana Mary (Dido) Berry.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 1955 arbeidde han med ringmerking i Sverige og Danmark og frå 1957 på øya Skokholm i Wales der han blei tilsett på fuglestasjonen frå 1958.

Brun tok hovudfag ved Zoologisk museum i Oslo i 1963[2], og doktorgraden på pigghudar ved universitetet i Liverpool i 1969.[1]

Frå 1964 blei Brun tilsett ved Tromsø Museum. I 1972 blei han utnemnd til professor i akvatisk biologi ved Universitet i Tromsø, men returnerte til Tromsø Museum i 1975.

Brun dokumenterte funn av kvikksølv i sjøfuglegg i 1974, observerte nedgang i alkefuglpopulasjonar og dokumenterte dette ved eit symposium i Seattle i USA i mai 1975.

Blant publikasjonane til Einar Brun finst ei bok i programmering for problem i statistisk analyse[3] på Noregs første datamaskin med integrerte kretsar, Simulator for Automatisk Maskineri, SAM 2.[4]

Publikasjonar, utval[endre | endre wikiteksten]

  • Ornithological Features of Nord-Fugløy and Sør-Fugløy, i Astarte nr. 1(22), 1963, s. 1–13
  • Brun, Einar; Høeg, Ove Arbo; Sæther, Ole-Anton (1965). Østensjøvannet. Østlandske naturvernforening. 
  • Utbredelse og hekkebestand av lomvi (Uria aalge) i Norge, i Sterna nr. 8, 1969, s. 209–224
  • Utbredelse og hekkebestand av alke (Alca torda) i Norge, i Sterna nr. 8, 1969, s. 345–359
  • Biology of Manx Echinoderms, Ph.D. thesis, University of Liverpool, 1969
  • Gløtt fra Tromsø Museum. Tromsø: Universitetsforlaget. 1970. s. 5-8. 
  • Brun, Einar (1971). Biostatistisk programmering i SAM 2 FORTRAN. Tromsø: Universitetsforlaget. 
  • Populasjonsendringer hos noe sjøfugler i Sør-Norge, i Sterna nr. 10, 1971, s. 35–56
  • Establishment and Population Increase of the Gannet Sula bassana in Norway, i Ornis scandinavica nr. 2, 1972, s. 27–38
  • Mercury in Eggs of Norwegian Seabirds (sm.m. N. Fimreite m.fl.), i Astarte nr. 7, 1974, s. 71–75
  • Breeding Success of Gannets Sula bassana at Nordmjele, Andøya, i Astarte nr. 7, 1974, s. 77–82
  • Barentshavets sjøfuglressurser (sm.m. M. Norderhaug og G. U. Møllen), i Meddelelser fra Norsk Polarinstituttnr. 104, 1977, s. 1–119
  • Present Status and Trends in Populations of Seabirds in Norway, i US Department of the Interior, Fish and Wildlife Service, Wildlife Research Report 11, 1979, s. 289–301

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Anders Klemetsen: Einar Brun i Norsk biografisk leksikon

Referansar
  1. 1,0 1,1 Klemetsen, Anders (26. august 2021). «Einar Brun». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Ree, Viggo (2021). «Einar Brun - en fremtredende ornitolog som døde ung». Vår fuglefauna. 44 (3): 144–148. 
  3. Brun, 1971, Biostatistisk programmering i SAM 2 FORTRAN
  4. Arild Haraldsen, Yngvar Lundh – internett-pionér og skaperen av den første norske datamaskinen Digi.no, 31. august 2020, henta 10. oktober 2021