Einar Diesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Diesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1897
Bergen Sjå dette på Wikidata
Død

8. mai 1994 (96 år)

Yrke journalist, redaktør
Far Thorstein Diesen Sjå dette på Wikidata
Einar Diesen på Commons

Søren Einar Gjerding Diesen (4. oktober 18978. mai 1994) var ein norsk journalist og avisredaktør.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Diesen var fødd i Bergen. Etter noko skulegang var han journalistlærling i Stavanger Aftenblad 1919-1921. Han fekk jobb i Aftenposten i 1921, der faren hans, Thorstein Diesen, var sjefredaktør 1913-1925. Han dekte Sommar-OL 1924 og eit par radiosendingar frå fotballkampane der (overtekne av Peder Chr. Andersen). Han dreiv kolonnen Argus i sytten år etter Augusta Stang.

Under andre verdskrigen drog han til Sverige og seinare til Storbritannia. I London arbeidde han i informasjonskontoret til regjeringa. Etter frigjeringa heldt han fram i Aftenposten og var sjefredaktør i avisa frå 1948 til 1968. Han leidde avisa si Argushjelpen ei tid, var leiar av Norsk Redaktørforening 1956-1966, og leiar for Norsk Presseforbund sitt Pressens Faglige Utvalg frå 1957 til 1972.

Diesen leidde Noregs Tennisforbund 1933-1948. Tidlegare hadde han leidd Nordstrand Tennisklubb 1927-1929.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sjørøverøen i Nordaasvannet (1929). Gutteroman.
  • Den hvite sport (1934). Hovudredaktør, jubileumsbok for tennis.
  • En junior får chansen (1939). Guteroman.
  • Kabalboken (1941). Utviding av Kabaler og kortkunster av Augusta Stang (Damm, 1919).
  • Amandus Schibsted (1949). Biografi.
  • Fra petit til leder. Tilskuer til en utvikling (1968)
  • Kong Olav V, vår konge og hans hus (Hjemmet forlag, 1970). Hovudredaktør.
  • Slekten Herlofson gjennom 400 år. En Sørlandskrønike (1973)
  • Den store samfølelse. Aftenpostens redaksjonsklubb gjennom de første 40 år (1974)
  • Maidagene '45 (Norsk Kunstforlag, 1977)
  • Heksens hus (Aschehoug, 1979). Kriminalroman fra London.
  • P. Chr. Andersen (Schibsted, 1981)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Einar Diesen i Store norske leksikon