Einar Gram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Gram
Konsul Einar Gram (1817 - 1885) (2742092664).jpg
Fødd 28. september 1817
Trondheim
Død

23. desember 1885

Yrke kjøpmann, politikar, trelasthandlar
Einar Gram på Commons

Einar Schawland Gram (28. september 181723. desember 1885) var ein norsk kjøpmann og bankmann frå Trondheim som representerte valkrinsen Trondheim og LevangerStortinget ved fleire sesjonar i tida 1859-73.

Gram var son til ein kjøpmann, og styrte frå 1843 faren si forretning i Trondheim. Frå 1852 dreiv han eiga handelsforretning i heimbyen. Han deltok i lang tid i særleg lokale, men også nasjonale, avgjerande posisjonar, så som i bystyret, i sparebanken, i representantskapen og seinare styret til Noregs Bank.

Gram møtte på stortinga 1859-60, 1862-63, 1868-69 og 1873, samt på Omframtstortinget 1864. Han var også vald til Stortinget 1865-66, men møtte ikkje. Til Stortinget 1871-73 var han opphavleg andre varamann, men møtte heile 1873-sesjonen for sjukmelde Michael Getz. Gram var medlem 1859-60 i Tollkomiteen, 1862-63 i Bankkomiteen og 1864 i Lagtinget. I 1868-69 var han formann i Bankkomiteen, og 1873 var han medlem i same komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]