Einar Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Halvorsen
Fødd 13. desember 1944 (75 år)
Parti Høgre
Verv Ordførar i Arendal
 - periode 2011–2015
 - føregangar Torill Rolstad Larsen
 - etterfylgjar Robert C. Nordli

Einar Halvorsen (fødd 13. desember 1944) er ein norsk siviløkonom, og Høgrepolitikar. Han var ordførar i Arendal kommune frå 20. oktober 2011[1] til 2015.

Halvorsen vart uteksaminert som ingeniør i Gøteborg i 1966 og som siviløkonom ved Handelshøyskolen BI i Oslo i 1970.

Han har arbeidd ved Norske Esso som utbyggingskonsulent, hjå Pusnes Marine and Offshore Services som innkjøpssjef, og hjå Scan Boats som administrasjonssjef. Frå 1987 til 2007 arbeidde han som banksjef i Nordea.

Han har vore initiativtakar og leiar av Sørlandets båtmesse i tre år, nestleiar ved Norwegian Grand Prix i fem år, styremedlem i 14 år ved Arendal Griegfestival, styremedlem i stiftinga Arendal byselskap og styreleiar ved Arendal kulturhus.

Politiske verv[endre | endre wikiteksten]

  • 2007-2011: Gruppeleiar i Arendal Høgre
  • 2007-2011: Medlem av formannskap, planutval og kommuneplanutval i Arendal kommune
  • 2009-2011: Opposisjonsleiar i Arendal bystyre
  • 2011-2015: Ordførar i Arendal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arendal kommune - Ordfører