Einar Hatlebakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Hatlebakk
Fødd 7. mars 1947
Yrke sjakkspelar

Einar Hatlebakk (fødd 7. mars 1947) er ein norsk sjakkspelar frå Molde. Han vart under Noregsmeisterskapen i sjakk i Fredrikstad i juli 1960 den yngste vinnaren av Noregsmeisterskapen i sjakk for juniorar, klassa for spelarar opp til 20 år. Han var då berre 13 år og 4 månader gammal. Han vann turneringa klart, med heile 7,5 poeng på 9 rundar. Han spelte då for Molde sjakklubb.[1]

Han vart ein sterk meisterspelar som vaksen, og Verdssjakkforbundet (FIDE) har tildelt han tittelen FIDE-meister i sjakk. Han har fleire gongar vore med på å vinne Noregsmeisterskapen i sjakk for klubblag, for Akademisk Sjakklubb i 1979, og for Oslo Schakselskap i 1985 og 1986.[2] Han har ikkje spelt seriøs turneringssjakk etter 2000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Brekke (1989): Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Oslo: Norges Sjakkforbund, ISBN 82-991916-0-2

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brekke 1989 s. 104
  2. Brekke 1989 s. 110-111
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.