Einar Kristian Tveitå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Kristian Tveitå
Fødd22. februar 1973
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, friidrettsutøvar

Einar Kristian Tveitå (fødd 22. februar 1973) er ein norsk lege, forskar og tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Han var noregsmeister i diskoskasting åra 1999-2002. Tveitå var medlem av IL i BUL.

Lege[endre | endre wikiteksten]

Tveitå forsvarte avhandlinga «Adhesive capsulitis, hydrodilatation and some aspects of validity regarding shoulder assessments» til doktorgrad (ph.d.) på Institutt for sykehusmedisin ved Universitetet i Oslo i 2010. Han arbeidde på Ullevål sykehus frå 2002 til han i 2008 vart overlege ved Evjeklinikken.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Tveitå tok steget opp mot noregseliten i diskos-øvinga i 1995-sesongen. Året etter sette han personleg rekord til 59,28 meter ved eit stemne i Helsingborg i Sverige. Sommaren 1998 passerte han 60-metersgrensa i seks tevlingar, lengst nådde han i Oslo den 24. august med 60,82 m. I juli 1999 flytta han sitt personbeste til 61,08 m og 61,31 m innom tre dagar. Ved noregsmeisterskapen 1999 på Byrkjelo sigra han med eit kast på 61,09 m og viste gullgrossist Svein Inge Valvik til sølvplass. Den 4. september 1999, under særs gunstige tilhøve i islandske Hafnarfjörður, flaug diskosen 63,64 m, det aller lengste kastet til Tveitå.

Sidan vann Tveitå NM-gull både i 2000, 2001 og 2002, dei to sistnemnde åra stod han også for årsbeste i øvinga i Noreg. Han kvalifiserte seg til finalen ved VM i friidrett 2001 i Edmonton som tolvtemann med eit kast på 61,85 m. I finalen enda han også på tolvteplass med 59,11 m. Eitt år seinare, då EM i friidrett 2002 vart avvikla i München, nådde han 59,69 m i kvalifiseringa og vart totalt nummer 18.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1998 i Askøy: Sølv – 60,67 m, bakom Olav Jenssen (62,00 m)
  • 1999 på Byrkjelo: Gull 61,09 m, framom Svein Inge Valvik (60,62 m)
  • 2000Steinkjer: Gull 59,63 m, framom Svein Inge Valvik (57,70 m)
  • 2001 i Drammen: : Gull – 60,15 m, framom Gjøran Sørli (57,88 m)
  • 2002 i Sandnes: Gull – 60,29 m, framom Gaute Myklebust (57,49 m)

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003
Lengde 57,62 59,28 58,94 60,82 63,64 61,43 62,41 å 61,45 å 60,19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]