Einar Lindboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Lindboe
Fødd 2. juni 1876
Død

26. juni 1953

Yrke kombinertløpar, kirurg, langrennsløpar

Einar Fredrik Lindboe (2. juni 187626. juni 1953) var ein norsk lækjar, idrettsmann og idrettsleiar frå Oslo.

Lindboe vart utdanna cand.med. i 1903. Han arbeidde ved Gaustad asyl, før han vart overlækjar ved Diakonhjemmet, begge institusjonar lokalisert til hovudstaden. Krigsvåren 1940 var han ambulansesjef i Gudbrandsdalen.

Lindboe var aktiv skiløpar i unge år, medlem i idrettslaga Skuld og Medicinernes Skiklub Svartor. I tida 1917-21 var han formann i Foreningen til Ski-Idrettens Fremme, og deretter 1922-27 formann i Norges Skiforbund. År 1927 vart han tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med Hagbart Haakonsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]