Einar Olav Larsen
Einar Olav Larsen | |
Fødd | 9. mai 1979 (43 år) |
---|---|
Opphav | Noreg |
Instrument | fiolin |
Verka som | musikar, komponist |
Prisar | Ole Vig-prisen, Hilmarprisen |
Einar Olav Larsen, (fødd 9. mai 1979) er ein norsk folkemusikar og komponist frå Verdal kommune som er kjend frå fleire orkester og komposisjonar. Han er utdanna ved Ole Bull-akademiet på Voss[1]
Einar Olav Larsen vaks opp i ein musikalsk familie.[2] Han er son av folkemusikaren Geir Egil Larsen og bror av folkemusikaren Gjermund Larsen. Brørne vart tatt med til ulike folkemusikarar tidleg i oppveksten, noko som har sett preg på den vidare musikalske karrieren. Han seier sjølv at han er sterkt påverka av kjende folkemusikarar som Hilmar Alexandersen & P.A. Røstads kvartett, Sven Nyhus, Eric Öst og Knut Buen.
Saman med bror sin Gjermund har han gjeve ut albumet Søttenpassingen (ta-lik, 2004) med fleire komposisjonar av Hilmar Alexandersen[3]. Han har og bidratt på ei rekke andre album som t.d. Ka Det E Fer Nå? (1996, Hete Blikk),[4] I dueslaget (1993, P.A.Røstads orkester), På kvint og kvart (1998, Verdal jr.spm.lag) og Frigg (2001, Frigg).
Forutan å spele saman med sin Gjermund er han i det finsk-norske bandet Frigg og P.A. Røstads orkester[5] har Larso òg vore musikalsk leiar i Spelemannslaget i BUL i Nidaros, og var musikalsk ansvarleg og komponist då BUL i Nidaros sette opp Peer Gynt hausten 2004.[6]
Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
Einar Olav og Gjermund Larsen har vunne gruppespelet på Landskappleiken tre år på rad og har i motteke desse utmerkingane:
- Festivalkunstnar [7][8]
- Årets Fanitull 2006[9]
- Ole Vig-prisen 2006[10]
- Osa-prisen 2004[11] saman med Gjermund Larsen.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ På festspill i Bergen: "Brødrene Larsen" Arkivert 2014-04-29 ved Wayback Machine. Ballade.no (27.05.2005)
- ↑ TA14CD Einar Olav Larsen / Gjermund Larsen: SØTTENPASSINGEN Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. Omtale på Talik.no
- ↑ Søttenpassingen meldt i groove.no (12.4.05)
- ↑ Ka Det E Fer Nå?
- ↑ Einar Olav Larsen Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på Folknorth.org
- ↑ Få fart på stakken Arkivert 2007-10-21 ved Wayback Machine.Peer Gynt-anmeldelse i Adresseavisen (27.11.2004)
- ↑ Folkekulturfestivalen Arkivert 2007-07-01 ved Wayback Machine. 2006
- ↑ Felespillende festivalkunstner Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. Trønder-avisa (30. mai 2006)
- ↑ Årets fanitull Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. Trønder-Avisa (31.05.2006)
- ↑ Ole Vig-prisen
- ↑ Tildelt Osa-prisen Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.Trønder-Avisa (30.10.2004)