Einar Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Einar Sandberg, (18761947) var ein norsk kunstmålar fødd i Fredrikstad.

Han gjekk i lære hos Johan Nordhagen, Erik Werenskiold, Kristian Zahrtmann i København åra 1903-05, og Henri Matisse i Paris i 1909-10. Sandberg busette seg på Lillehammer og vart ein av dei såkalla Lillehammermålarane, karar som Thorvald Erichsen, Lars Jorde, Henrik Sørensen og fleire. Han er særleg kjend for sine landsskapmåleri i grøne fargar og heile, forenkla former. Elles måla han både interørbilete og figurbilete.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]