Einedalen skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Einedalen skule er den nyaste barneskulen i Herøy kommune. Skulen blei teken i bruk i januar 2010. Elevane i frå dei tidlegare skulekrinsane Bø, Frøystad, Leine, Remøy og Runde soknar til Einedalen skule. Det er i dag ca. 190 elevar ved Einedalen skule (hausten 2018). Skulen tilbyr SFO og har i tillegg ei base som vert nytta av elevar med særskilde behov.

Skulen har eit stort uteareal som innbyr til aktivitet og frileik, samt ballbinge, basketbane, og volleyballbane. Det ligg naturskjønt til, og er eit naturleg utgangspunkt for utflukter til dei nærliggande fjelltoppane. Skulen og skuleområdet er og i stor grad nytta i helger og på kveldstid av ulike aktørar.

I området rundt Einedalen skule er det funne bevis på busetnad som kan sporast tilbake til steinalderen. Desse funna blei registrert under dei arkeologiske utgravningane som tok stad i samband med bygginga av den nye vegen over buholmen midt på 90-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]