Einevarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°59′44″N 04°59′06″E

Einevarden er det fuglefjellet i Noreg som ligg lengst mot sør. Fjellet ligg vest for øya Vågsøy i Sogn og Fjordane fylke. Tidlegare hekka tusenvis av sjøfuglar der, og det var til tider så mange fuglar at dei skugga for sollyset. Einevarden er 70 meter høg. Før i tida klatra folk opp og plukka egg. Eggplukking er det no forbod mot og fuglelivet er freda.