Einfrøblada plantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Einfrøblada planter)
Einfrøblada planter
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Klade: Einfrøblada planter monocots

Einfrøblada plantar (Monocots) eller einfrøbladingar er ei biologisk klasse av dekkfrøplantar som har som kjenneteikn at når frøet gror utviklar planten berre eitt frøblad. Kimrota døyr tidleg, og det veks fram eit knippe av birøter i staden.

Fleirårige artar i rekkja har jordstengel (rhizom), knoll eller lauk. Karstrengane ligg spreidde i grunnvevet, ikkje i ein ring som hjå tofrøblada plantar, og plantane har ikkje sekundær tjukkelsetilvekst, ettersom det ikkje blir danna kambium (sekundært vekstvev) verken i rot eller stengel.

Klassen er delt inn i rundt 50 familiar med ca. 55 000 artar, og utgjer rundt 25 % av dei dekkfrøa plantane. Blant dei einfrøblada finst til dømes fleire vassplantar, palmar, liljer, orkidear, gras, starr, siv og andre grasliknande plantar. Orkidefamilien og grasfamilien er blant dei mest artsrike plantefamiliane i denne rekkje. Bortsett frå palmane finn ein få tre her.

Planteordenar[endre | endre wikiteksten]

Desse planteordenane av einfrøbladingar er representerte i Noreg:[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Klasse Enfrøbladete planter». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2024. 

«enfrøbladete planter» (13. november 2013) av Inger Nordal i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. februar 2014.