Eininga pipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pipe er eit vinfat og ei eldre måleining for volum nytta for vin som er ca. 450 liter. Storleiken har variert frå land til land og for ulike vinsortar. Ei norsk pipe var lik 2 oksehovud eller 12 anker, 480 potter eller 463 liter. Ein engelsk pipe, òg kalla butt, var for vanleg vin lik 2 hogsheads, 126 winchester (US) gallons eller 105 imperial (UK) gallon som er 477 liter. For portvin er han lik 114 gallon (518 l) og for madeiravin 92 gallon (418 l). Ein nederlandsk pijp portvin var 530 liter, medan spansk og portugisisk pipa var 26 almuda eller 435 l og den brasilianske var 502 l.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pipe: mål. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013.