Einingsregisteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Einingsregisteret i Noreg samordnar opplysningar om næringslivet og offentlege etatar som finst i ulike offentlege register, og som er går att på spørreskjema. I staden for at kvar offentlege etat sender ut kvart sit skjema til føretaka, sørgjer Einingsregisteret for at opplysningane er samla på éin stad. Einingsregisteret inneheld grunndata om einingar som har registreringsplikt i ei rekkje register (sjå nedanfor).

Einingsregisteret vart oppretta i 1995 og er ein del av Brønnøysundregistra.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Føremålet med skipinga av Einingsregisteret var å sørgja for «effektiv utnyttelse og samordning av offentlige opplysninger om juridiske personer, enkeltpersonforetak og andre registreringsenheter»[1] Ifølgje loven frå 1994 som heimlar Einingsregisteret (enhetsregisterloven), er reduksjon i mengd opplysningar som næringsdrivande må senda inn til det offentlege, hovudintensjonen med å samla informasjon om føretak i eit enkelt register: «Enhetsregisteret skal entydig identifisere registreringsenhetene ved tildeling og registrering av organisasjonsnummer. Alle tilknyttede registre skal bidra til å redusere oppgaveplikten for næringslivet ved å benytte organisasjonsnummer og opplysninger fra Enhetsregisteret. Offentlige organer og registre som ikke er tilknyttede registre, plikter, der det er praktisk mulig, å benytte opplysninger fra Enhetsregisteret».[2]

Opplysningar i registeret[endre | endre wikiteksten]

Ein organisasjon sitt føretaksnamn, adresse, føremål, organisasjonsform, dagleg leiar/administrerande direktør og styremedlemmar er blant opplysingane som finst i Einingsregisteret om dei ulike einingane som har registreringsplikt i

  • Arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret[3] (òg kjend som Aa-registeret)
  • Merverdiavgiftsregisteret
  • Foretaksregisteret
  • Føretaksregisteret til statistisk sentralbyrå
  • Registeret til skattedirektoratet over upersonlege skatteytere eller Stiftelsesregisteret
  • Konkursregisteret. (Alle konkursbo vert registrert og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret.)

Grunndata er ikkje noko eintydig omgrep, men Brønnøysundregistra omtalar det som «opplysninger om juridiske personer som registreres i Enhetsregisteret. Eksempler på grunndata kan være foretaksnavn, adresse, formål, organisasjonsform, daglig leder / adm.direktør og styre.»

Tilgang på informasjon[endre | endre wikiteksten]

Døme på informasjon som er tilgjengeleg over telefon eller som utskrift som vert sendt i posten, er namn på alle medlemmar i styret til ein organisasjon (som har eit organisasjonsnummer).

Registerutskrift frå Einingsregisteret (og Foretaksregisteret) vert berre levert som postsend utskrift eller telefaks.[4]

Oversyn over kva for klientar ein revisor eller rekneskapsførar er registrert med i Einingsregisteret (og Foretaksregisteret) vert levert som tilsend dokument, diskett eller CD-ROM-plate.[5] (Dette er den einaste tenesta som berre er tilgjengeleg ved bestilling per brev.[6])

Andre tenester kan bestillast på e-post.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lovdata LOV 1994-06-03 nr 15: Lov om Enhetsregisteret
  2. Lovdata LOV 1994-06-03 nr 15: Lov om Enhetsregisteret
  3. http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dok/hoeringer/hoeringsdok/2011/horing-av-arbeidsgrupperapport-om-forsla/horingsbrev.html?id=635108
  4. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2011-06-30. 
  5. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2011-06-30. 
  6. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2011-06-30. 
  7. Arkivert 16. juli 2011 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]