Einskilskopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einskilskopp frå Valle i Setesdal, datert 1777, høgd 7,5 cm. {{Foto: Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum, NF.1911,0673}}
Einskilsbolle frå Fyresdal i Telemark, datert 1705 (?). Høgd 8 cm.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum NF.1897-1038

Einskilskopp eller einskilsbolle er eit lite drikkekar av tre tradisjonelt brukt på den norske landsbygda. Slike kar rommar gjerne mellom 0,2 og 0,5 liter. Einskilskoppen er skore av eit stykke og forma som ein liten bolle med ein eller to hankar i sida. Tilsvarande kar utan hank blei gjerne kalla einskilbolle (jf. ølbolle). Hovudsakleg blei denne typen kopp brukt til å drikka øl, men det finst også opplysingar om at ein kunne bruka han til å drikka mjølk av.

Med einskilskoppar var det meininga at ein person skulle drikka heile innhaldet, medan ølbollar kunne bli sende rundt mellom fleire. I Setesdal var det skikk å drikka einskjeld når gravferdsfolket kom til gards: «Ølet hadde dei i store ølskåler som sto på bordet med einskilsskåler ved sida. Dei skiftaest til og drakk av desse.»[1]

M.B. Landstad skildra skikken med å drikka einskjeld i Telemark:

Naar maden er taget av bordet, bæres der frem ølboller af indtil en skjæppes rum, hvoraf 2 eller 3 sættes på det langs stuen løbende bord. Gjæsterne sætter sig da omkring dette, især de gamle, medens ungdommen danser, kvinderne ved den nederste og mænderne ved den øverste ende. I enhver av de store med inskripsjoner og brogede farver malede ølboller svømmer en and, der er uthulet og dannet til en slags øsekopp. Skjænkesvenden øser nå opp det sterke skummende øl i smaa skaaler, af størrelse med en kontorkopp, «einskjelskoppar»; disse skal enhver drikke ud. Dette kaldes at drikke «einskjels» (en for en) og nu går det løs med drikkestev.[2]

På ein ølbolle datert 1779 frå Rauland i Telemark er skikken omtalt slik:[3]

Ud af min gule kop,
en bonde før har drukket,
og med en enskiels kop
sin Tonges Bran(d) udslukket.
Et veldigt rus han fik,
saa knapt (han) kunde staa,
men som det gick med ham,
saa kand det flere gaa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Middtun (1921) s. 237.
  2. Visted og Stigum (1951) bd. 2, s. 115.
  3. Visted og Stigum (1951), bd. 2, s. 120.
Litteratur
  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
  • Midttun, Gisle (1921): Liv og levemåte. (I Norsk Bygder Setesdalen, Kristiania, s. 212-250)
  • Visted, Kristoffer og Stigum, Hilmar, 1951: Vår gamle bondekultur. Oslo.
  • Nomenklatur for drikkestell Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]