Hopp til innhald

Einstaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einstaka

Forfattar(ar)Halvor Floden
Språknynorsk
Utgjeven1912
ForlagOlaf Norlis Forlag

Einstaka er ein roman frå 1912 av Halvor Floden.[1] Det var den andre boka hans, og den første for vaksne. Ordet «einstaka» tyder einsleg eller avsides.[2]

Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd. Hovudpersonen Paal Klufta veks opp på den avsides garden Klufta. Han vert prega av dei isolerte tilhøva han har vakse opp i, og av faren sitt tungsinn og anger, og av mora sin sentimentalitet.[3] I møte med skulen og jamnaldringar blir han utstøtt og utsett for «aandelig mishandling av umodne kamerater og uvettige lærere.»[4] Paal blir «beiskare» av motgangen.[5]

Som vaksen forsøker han seg på handel og på å samle tømmerfløterane i bygda, men mislukkest.[6] Rivalen hans i dette arbeidet er også rival om jenta Frida.[7] Boka slutter med at Frida døyr, og at Paal vender tilbake til einsemda i barndomsheimen.[7] Tov Flatin skreiv at Paal «rymer heimatt til farsgarden uppi einsemdi - som ein dengd hund».[8]

Fleire meinte at boka har likskap med Olav Duuns første bøker, som Paa tvert.[4][9]

«L.H.» skreiv i bladet Vort Arbeide at Paal «slær seg fram steg for steg gjennom spott og hæding og vonbrot», og ikkje bukka under for anna enn seg sjølv.[10] Adolf Arctander skreiv at Floden har «ein uvanleg givnad for samvitsgrann og stillferdug sjælegransking».[11] Tov Flatin meinte at «sjæleskildringi syner stor gløggleik.»[8] Boka vart også meldt i andre avisar.[12]

I si sjølvutgjevne bok om Floden skriv Gunner Ljødal kort om Einstaka og legg vekt på mors gudstro og Paals tilhøve til mora.[13] Magne Skrede skreiv i Trysilboka at romanen er «klar og livsnær, velskreven og spennende, men ble merkverdig nok fort glemt.»[14]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Floden, Halvor (1912). Einstaka. Kristiania: Norli.
  2. ↑ Einstaka; norsk-ordbok.no
  3. ↑ Sigurd Nergaard (1912). «Halvar(sic) Floden: Einstaka». Dagbladet 1912.12.22. s. 1.
  4. 1 2 «Fjell-Ljom 1912.12.06». Røros. 1912. s. 1.
  5. ↑ «Nordkapp 1912.12.13». 1912. s. 2.
  6. ↑ «Nordre Bergenhus Folkeblad 1912.12.16». 1912. s. 2.
  7. 1 2 «Gudbrandsdalens Folkeblad 1912.12.03». Lillehammer. 1912. s. 1.
  8. 1 2 Tov Flatin (1912). «Halvor Floden: Einstaka». Kongsberg Dagblad 1912.11.25. s. 2.
  9. ↑ Hans Seland (1912). «Nye bøker». Agder 1912.12.02. Flekkefjord. s. 1.
  10. ↑ «Vort Arbeide 1912.12.21». Oslo. 1912. s. 1.
  11. ↑ Adolf Arctander (1912). «Bøker». unglyden 1912.12.19. Voss. s. 2.
  12. ↑ «Nordtrønderen 1912.12.20». Namsos. 1912. s. 2.
  13. ↑ Gunner Ljødal (2020). Halvor Floden : skolelærer og forfatter. Balder forlag. s. 199. ISBN 9788293247296.
  14. ↑ Magne Skrede (1964). «Trysil i norsk diktning. Halvor Floden». Trysil-boka. 4. Trysilboknemnda. s. 184-189. ISBN 8271040308. {{cite book}}: ISBN / Date incompatibility (hjelp)