Einstein–de Haas-effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Einstein–de Haas-effekt er eit fenomen som viser at magnetisk polarisasjon gjev eit mekanisk dreiemoment. Effekten ytrar seg til dømes som aksial rotasjon av ein stav av magnetiserbart stoff når han vert utsett for eit magnetfelt parallelt med aksen. Effekten vart påvist eksperimentelt i 1915 av Albert Einstein og Wander Johannes de Haas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]