Eirikitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eirikitt er eit mineral som ein tidlegare trudde var leifitt. Eirikitt finst i nefelinsyenitt-pegmatitt i eit lite skjerp på søraustsida av Vesle Arøya i Langesundsfjorden. Mineralet finst i mindre druser mellom feltspat og analcim danna i samband med hydrotermal omdanning av pegmatitten. Andre følgjemineral er zirkon, ægirin, polylithionitt, albitt, eudialytt, katapleiitt og pyroklor.

Mineralet har formelen (K,Na)2(Si,Al,Be)7(O,OH,F)14. Det er kalla opp etter faren til Leiv Eiriksson, Eirik Torvaldsson Raude.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Selbekk, Rune S.. (2012, 20. januar). Eirikitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/eirikitt.