Eisenhower Range
Utsjånad
| Eisenhower Range | |||
| fjellkjede | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stad | Victoria Land | ||
| • høgd | 3 070 moh. | ||
| - koordinatar | 74°15′S 162°15′E / 74.250°S 162.250°E | ||
| Lengd | 72 km | ||
| Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Eisenhower Range 74°15′S 162°15′E / 74.25°S 162.25°E | |||
Eisenhower Range er ei fjellkjede, kring 72 km lang med ei høgd opp mot 3070 moh. Ho ligg mellom Reeves Névé i vest, Reevesbreen i sør og Priestleybreen i nord og aust i Victoria Land i Antarktis. Fjellkjeda har ein flat topp og heller slakt ned mot Reeves Névé, men er bratt langs Priestleybreen.
Fjell i denne fjellkjeda er mellom andre Mount Baxter (2430 moh) og Mount Nansen (2740 moh).
Fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av US Navy, 1955-63. Ho vart namngjeve av US-ACAN etter Dwight D. Eisenhower, som var president i USA i 1954, på den tida då U.S. Navy sin Operasjon Deep Freeze vart starta i Antarktis.
