Eiterådalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°40′25″N 13°08′37″E Eiterådalen er eit dalføre sørvest i Vefsn.

Dalen følgjer Eiteråga drygt to mil sørover. Langs Eiteråga ligg matrikkelgardane Steinlia, Lia (Eiterålia, Øvre Eiteråga), Påljorda (Nedre Eiteråga), Torejorda, Holmen (Eiteråholmen) og Sirijorda (Tverelvmoen). Vest for hovuddalen ligg dei forlengst fråflytta gardane Skjørlægda og Fjellgarden (Eiteråfjellet). Landet som høyrer til gardane Skjørlæda og Fjellgarden inngår i Skjørlægda naturreservat, som er freda gjennom verneplan for barskog.

Statskog eig det meste av landet i Eiterådalen, og jordbruk og skogsdrift har vore dei viktigaste næringsvegane i dalen. I dag har ingen av dei som bur i dalen landbruk som hovudnæring.