Eiteråga i Rana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°23′46.954″N 14°39′39.589″E Eiteråga er namnet på både ei elv og ei grend i Dunderlandsdalen, 7 km nord for Storforshei, i Rana kommune. E6 passerer gjennom grenda.

Næringsgrunnlaget er i hovudsak jordbruk. 4 km nord for munningen til Eiteråga i Ranelva finst Stjernen sølvsmie, som produserer smykke av sølv og edelsteinar og brukskunst.

Elvenamnet kan tyde «den kalde elva», av gammalnorsk eitr, jamfør «eitrande kald». Namnet kan òg vere avleidd av urgermansk *aitra-, «noko som sveller fram».

Elva har utløpet sitt mellom Bomfjellet og Ørtfjellet.

Grenda vart rydda for jordbruk i 1723. Opphavleg var det to gardsbruk i grenda. Sidan 1749 har ho bestått av fire jamstore gardsbruk. Gardane vart regulerte av staten i 1925.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.