Eitorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
 Eitorn i Leikanger
Eitorn i Leikanger. Tatt frå 17. mai-haugen.

Eitorn er ei grend lengst vest i Leikanger kommune i Sogn. Grenda høyrde til Balestrand kommune frå kommunedelinga i 1849 til Schei-kommisjonen førte henne attende til Leikanger i 1963. Eitorn-grenda strekkjer seg frå Fjærlandsfjorden i vest til Kvinnafossen i aust, og omfattar gardane Hella, Ruud, Vestreim, Eitorngjerdet, Eitun (Eitorn), Pergjerdet og Eikenes. I Eitorn var det i si tid planteskule, og eplesorten Eitorn-eple vart ala fram her.

Eitorn fekk vegutløysing i 1956, då RV55 til Hella vart bygd.

Tidlegare ordførar Ola Vestrheim er her ifrå.