Eittårig plante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solsikke er ein eittårig plante som kan nå store høgder i løpet av éin vekstsesong.

Eittårig plante eller annuell plante er ein plante som fullføre livssyklusen sin i løpet av eit år. Plantane er urteaktige og døyr etter sin første vekstsesong, og etter å ha spreidd frøa sine eller sporar for framveksten til neste generasjon. Dei har ofteat ei lita og tynn, lysfarga rot.[1]

Dei fleste eittårige plantar overvintrar som frø. Vinterannuelle plantea spirer derimot om hausten og overvintrar som små frøplanter, slik som til dømes haustkveite og haustrug.[1]

Frøet kan ligge fleire år i jorda før det spirer, veks opp, blomstrar og sett frø. Det er somme plantar som gjennomfører to slike syklusar i løpet av ein sesong.

Eittårige planter, spesielt grasarter, var viktige for utviklinga av jordbruket i Midtausten, fordi desse artane kravde at bonden aktivt samla inn, lagra og sidan sådde frøa dersom nye individ skulle førast vidare etter innhausting som avbraut den naturlege formeiringa. Eittårige arter som vill rug og kveite blei tidleg domestisert i den fruktbare halvmånen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]