Eivind Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Astrup

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1871
Oslo
Død

27. desember 1895 (24 år)
Folldal

Yrke oppdagar
Språk norsk
Far Harald Astrup
Eivind Astrup på Commons

Eivind Astrup (17. september 187127. desember 1895) var ein norsk polfarar og oppdagar som i si eiga tid fekk ei merksemd i Noreg på linje med den som elles berre vart Fridtjof Nansen og Roald Amundsen til del.

Astrup deltok på to av Robert Peary sine ekspedisjonar til Grønland. På den første var han med å kartleggje Nord-Grønland og påvise at Grønland er ei øy, på den andre kartla han Melville Bay på nordvestkysten av Grønland.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Astrup sine kart over dei to sledeferdene han gjorde på Nordvest-Grønland, Norsk Polarinstitutt

Eivind Astrup var son av grossereren Harald Astrup (1831-1914) og Emilie Johanne Smith (1836-1915), og bror av arkitekten Thorvald Astrup. I 1889 tok Eivind Astrup handelseksamen i Kristiania og reiste så til Philadelphia for vidare studium. Den eventyrlystne unggutten drøymde om å reise på oppdagingsferd til Afrika, men etter at han såg ein avisartikkel om at Robert Peary planla ein ekspedisjon til Nord-Grønland, tok han kontakt og fekk plass på ekspedisjonen.[1]

Under den første ekspedisjonen i 1891-92 stifta Astrup bekjentskap med etah-inuittane, som har den nordlegaste busettinga i verda, og av dei lærde han mykje om overlevingsteknikkar i eit ekstremt miljø. Han var med Peary på den berømte sledeturen over innlandsisen på Nordvest-Grønland. Reisa gjekk frå vinterkvarteret i Inglefield Gulf til Navy Cliff ved Independence-fjorden og til saman la dei bak seg meir enn 2 000 kilometer – fire gonger så langt som Fridtjof Nansen gjorde på turen over Grønland fire år tidlegare – og kartla dei hittil ukjende nordvestlege områda av Grønland. Eit resultat var at dei oppdaga at Grønland er ei øy. Dei hadde tatt for lite mat med og var truga av svelt, men fann moskus ved nordkysten og vart redda av moskuskjøtet.

Astrup vart møtt med stor heider og merksemd då han returnerte til Noreg og vart i 1892 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden. Han var då berre 21 år gammal, og er framleis den yngste som har fått utmerkinga.[2] Astrup skreiv ei rekkje avisartiklar og essay og heldt godt vitja foredrag mange stader på Austlandet. Då Nansen vende tilbake frå Grønlandsisen i 1889 vart han den første polarhelten i Noreg – og no vart Astrup den andre.[3]

Astrup deltok òg på Peary sin ekspedisjon i 1893-94, men sjukdom forhindra han frå å bli med på den mislukka ferda over innlandsisen.[f 1][4] I april 1894 gjorde han i staden ein sledetur sørover frå vinterkvarteret saman med venen sin, inuitten Kolotengva. Formålet var å kartleggje nordsida av Melville Bay, noko dei òg gjorde. For Peary vart ekspedisjonen ein fiasko på grunn av sjukdom, forfrysninger og dårleg vêr, og Astrups kartlegging vart det einaste synlege resultatet av Peary sin andre ekspedisjon. Svekt av sjukdom avbraut Astrup ekspedisjonen og vende tilbake til Noreg kor han òg denne gongen vart motteke som ein helt. Royal Geographical Society i London heidra han med årets tildeling frå Murchison-fondet for kartlegginga av Melville Bay.[5]

I byrjinga av desember 1895 vart boka Blandt Nordpolens Naboer gjeven ut. I denne boka fortel Astrup om både ekspedisjonane og dei lokale inuittane. Boka fekk strålande kritikkar og vart svært populær. Nye utgåver kom i 1896, 1950, 1990 og 2004, og boka vart gjeven ut på engelsk i 1898 og på tysk i 1905.[6] Astrup var ein utmerka skribent, og sidan han til skilnad frå Nansen og Amundsen kunne skildre inuittar som hadde hatt svært avgrensa kontakt med europearar, gjev boka eit interessant innsyn i den tradisjonelle teknologien til inuittane, og levesettet og dei religiøse førestillingane deira.

Sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

«Slædereisendes ankomst til en vinterkoloni. Ung moder i forgrunden», illustrasjon frå Blandt Nordpolens Naboer

Astrup skreiv i boka si at han under den andre ekspedisjonen sin med Peary vart svært sjuk på grunn av bederva pemmikan,[4] men Roald Amundsen noterte i dagboka si at Frederick Cook hadde fortalt han at Astrup kunne ha pådrege seg syfilis på Grønland. Cook hadde likevel fått opplysningane gjennom fleire ledd, og dei var haldne i ei vag og generell form. Etah-inuitane hadde hatt temmeleg lite kontakt med kvite menneske før Peary kom, så det er lite truleg at dei var smitta av sjukdomen. I følgje Amundsen var det kona til Kolotengva, den 16 år gamle Tongvingva, som var Astrups utkåra, men ekteparet ser ut til å ha vore friske og fekk mange born saman. Det mest sannsynlege er at den skjemde pemmikanen smitta Astrup med tyfoidfeber.[7]

Astrup gjekk med planar om ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis – han var til dømes ein av dei første som foreslo ballongferder over Nordpolen – men sjukdomen forhindra han frå å realisere plana, noko han tok svært tungt. Det er òg trekt fram ei rekkje andre årsaker til at Astrups livssituasjon var vorte vanskeleg.[8]

Jula 1895 reiste Astrup til Hjerkinn, og 27. desember gjekk han åleine ut på ein skitur over Dovre, visstnok for å møte nokre vener ved Atna. Då han ikkje gav livstegn frå seg vart det organisert leiteaksjon og 21. januar 1896 vart han funnen død fire kilometer frå Hjerkinn. Liket vart ikkje obdusert og mykje talar for at dødsårsaka vart freista halden hemmeleg, men avisene Politiken, Dagens Nyhende og Svenska Dagbladet skreiv ope at alt tala for at det var snakk om sjølvmord og ikkje eit fall mot ein stein som var den offisielle forklaringa. Terrenget han vart funnen i er for lett til at eit fall er sannsynleg, det var mykje blod på andlet, klede og snøen rundt, og lensmannen som kikka på liket under transporten sørover skreiv om eit mistenkjeleg hol på venstre side av hovudet. Bygdefolk som var til stades då han vart funnen meinte å ha sett at ein revolver bli plukka opp, pakka inn og gjeve bror til Astrup, som vart beden om å gøyme gjenstanden.[9] Det er vanskeleg å sjå noka anna forklaring enn sjølvmord.

Nyhendet om dødsfallet førte nærast til landesorg i Noreg, og ei stor folkemengd følgde med då Eivind Astrup 27. januar 1896 vart gravlagd på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Astrup bidrog med å utvikle teknologien for utforsking av dei polare strøka ved å frakte utstyr på hundesledar og sjølv gå på ski. Skiløping hadde han lært under oppveksten og trekkhundkjøring lærte han av inuittane; skigåing var ukjent for dei. For Roald Amundsen var Astrup det største idealet innan utforskinga av polområda,[10] og han forstod at måten Astrup og Peary tok seg fram i polare strok var andre som var i bruk på den tida. Slik sett kan vi seie at Eivind Astrup var med på å skape føresetnaden for at Amundsen vart først på Sørpolen.

Astrup fekk tilsendt fem grønlandshundar som han innkvarterte på Brannskjæret ytst i Frognerkilen,[11] og vart den første som køyrde med trekkhundar i Noreg.[12]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Då Nansen kom tilbake frå Fram-ekspedisjonen i 1896 erobra hans straks den udiskutable førsteplassen som Noregs polarhelt, og det vart tydeleg at Astrup hadde fungert som ein vikar i Nansen sitt fråvær.[6] Likevel vart han aldri heilt gløymt: det er reist fleire minnesmerke for å ære minnet om Astrup og ei rekkje geografiske stader ber namnet hans.

Ein stor minnebauta vart reist ved Holmenkollen 15. august 1896. For at bautaen skulle få ei meir synleg plassering vart han i 1990 flytta frå Holmenkollen til Frognerseteren.

Lokalsamfunnet på Dovre held minnet om Astrup og den tragiske endelikta hans levande, og bygdefolk reiste i 1896 eller 1897 ei minnestøtte der han vart funne. Då støtta velta, gjenreiste lokale krefter han i september 2009.

4. august 1909 vart det avduka ei minneplate over Astrup på Nord-Grønland. Den dansk-inuittiske grønlandsfararen Knud Rasmussen heldt ei tale under avdukinga der han framheva det gode minnet inuittane hadde om Astrup. I august 2010 vart det reist eit minnesmerke ved Knud Rasmussens hus i Qaanaaq.

På Grønland finst Astrups Kystland og Astrups Ø, begge i Melville Bay. Vidare Astrup Fjord i Indepencence Bay og Astrup Bræ. I Oslo finst Eivind Astrups gate og i Bergen Eivind Astrups veg.

Då Astrup forlét Grønland gav han sleden sin til Kolotengva, men etter at Astrup døydde ynskte ikkje Kolotengva å bruke han meir, så han bytta slede med Ludvig Mylius-Erichsen. Seinare gav Mylius-Erichsen sleden til Etnografisk Museum, der han no vert teken vare på.[13] Sleden Astrup fekk bygd til trening av dei importerte grønlandshundane sine er å sjå på skimuseet i Holmenkollen.[14]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Astrup, s. 2
  2. Block-Nakkerud s. 81
  3. Block-Nakkerud s. 89
  4. 4,0 4,1 Astrup, s. 31
  5. Block-Nakkerud s. 178
  6. 6,0 6,1 Bloch-Nakkerud s. 218
  7. Block-Nakkerud s. 211 f.
  8. Block-Nakkerud s. 212f
  9. Block-Nakkerud s. 207 ff.
  10. Block-Nakkerud s. 223
  11. Block-Nakkerud s. 171
  12. Block-Nakkerud s. 11
  13. Block-Nakkerud s. 221 ff.
  14. Block-Nakkerud s. 172 ff.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Under vort ophold ved depotet blev jeg, i lighed med hvad der allerede den foregaaende høst under slædearbeidet paa indlandsisen var hændt mig, paavirket af vor ikke meget tidsmæssige pemmican paa en saa uheldig maade, at jeg ikke fandt det raadeligt at deltage i reisen.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]