Eivind Hognestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Hognestad
Fødd9. oktober 1863
Død26. september 1936 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Eivind Hansson Hognestad (9. oktober 186326. september 1936) var ein gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Time i Rogaland. Peter Hognestad var bror hans.

Hognestad var son til ein gardbrukar. I ungdomen gjekk han amtsskulen, og tok så over farsgarden på Hognestad i 1892. Frå 1895 arbeidde han aktivt med landbruksforsøk, støtta av det offentlege dyrka han vekstar som kunne forbetre åkerbruket. I 1902 var han på studiereise i Danmark og Sverige, kosta av Landbruksdepartementet.

Perioden 1903-06 representerte han Stavanger amtStortinget, vald for Moderate Venstre. Han vart attvald i 1906 og representerte då einmannskrinsen Jæren og Samlingspartiet fram til 1909. Fyrste stotingsbolken var han medlem av landbrukskomiteen, i den andre av kyrkjekomiteen. Hognestad var så ordførar i Time i tre valperiodar, 1911-19.

Hognestad var ein flittig skribent, som mellom anna gav ut tre bøker om landbruk, kultur- og kyrkjeliv på Jæren og i Rogaland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]